Nyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lammenyrer på eit fat.
Foto: MiaK

Nyrene (lat. ren) er organ i kroppen til virveldyr som filtrerer ut avfallsstoff frå blodet slik at dei kan skiljast ut frå kroppen som urin.

Primatar, som menneske høyrer til, har to nyrer som ligg på kvar side av ryggraden, ved bakre bukvegg. Ei menneskenyre veg rundt 125-150 gram.

Anatomi[endre | endre wikiteksten]

Oppbygginga av ei nyre. 1:Nyrepyramide 4:Nyrevene 13:Nefron
Oppskoren grisenyre.
Foto: Thor-Rune Hansen

Nyrevevet består av to vevslag. Ytst ligg den raudbrune nyrebarken (renes cortex), medan den gulaktige nyremargen (renes medulla) innanfor omgjev eit holrom (sinus renalis). I nyrebarken ligg filtreringsapparatet til nyrene. Nyremargen, som er delt i 7-11, mest vanleg 8 kjegleforma vevsdelar, består av samlerøyr som leier urinen ut i nyrebekkenet. Det sit på den konkave delen av nyra, der ein også finn nyrearterien og nyrevenen. På denne staden er det også mykje laust feittvev.

Sjølve filtreringa skjer i medulla, nyrepyramidane, som inneheld rundt éin million blodrensande einingar kalla nefronar. Kvart døgn går det rundt 1 200 liter blod gjennom menneskenyrene. Viss nyrene sluttar å verka, vil avfallsstoffa samla seg opp og føra til urinforgifting.

Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.