Objektorientert programmering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Objektorientert programmering (OOP) peiker på ein metode og ei utforming av språket for programmering. Den grunnleggande tanken bak OOP er at ulike typar data som høyrer saman blir samla i objekt med tilhøyrande operasjonar. Slik blir data og kode samla i einingar kalla objekt. Eit objekt er ei samling av oppførsel (datakode) og tilstand (data). Prinsippet er at ein skil tinga som endrar seg over tid og tinga som ikkje endrar seg. Denne inndelinga i objekt gir eit meir stabilt fundament for programvareutforming. Målet er å gjere store programvareprosjekt enklare å handtere.

Omgrepet har sitt opphav frå arbeid gjort av Kristen Nygaard og Ole-Johan Dahl ved Norsk Regnesentral med programmeringsspråket Simula1960-talet.

Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.