Odo av Arezzo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Odo av Arezzo var ein musikkteoretikar frå mellomalderen. Han var aktiv seint på 900-talet, og var tilsett ved klosteret i Arezzo, der han var abbed under biskopen Donatus av Arezzo. Odo sette saman eit tonarium (ei songbok med antifonar og responsoriar), med ei tilhøyrande drøfting av modi.

Ved eit mistak vart Odo ofte rekna som forfattaren av Dialogus de musica. Odo skal heller ikkje forvekslast med Odo av Cluny, ein annan framståande teoretikar i tida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]