Arezzo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arezzo
Arezzo-PanoramicView.JPG
Byvåpenet til Arezzo
Byvåpenet til Arezzo


Plassering
Arezzo is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Toscana
Arezzo
Borgarmeister Giuseppe Fanfani
Geografi
Flatevidd
 - By

386 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

94 675
  237/km²
Koordinatar 43°28′″N 11°53′″EKoordinatar: 43°28′″N 11°53′″E
Høgd over havet 296 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 52100
Telefon-retningsnummer 0575
Nettstad: www.comune.arezzo.it

Arezzo (latin Arretium) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Arezzo i regionen Toscana og har om lag 95 000 innbyggjarar. Byen ligg om lag 80 km søraust for Firenze.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Arezzo ligg i ei bratt åsside som stig opp frå sletta som elva Arno renn over. I dei øvre delane av byen ligg domkyrkja, rådhuset og Medicifestningen (Fortezza Medicea), frå der hovudgatene går nedover til portane i den nedre delen. Den øvre delen av byen har halde på mellomalderpreget sitt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kommunepalasset i Arezzo.

Arezzo kan ha vore ein av dei tolv viktigaste etruskiske byane, den såkalla Dodecapolis. Han vart skildra av Livius som ein av Capitae Etruriae (hovudbyane til etruskarane). Det finst restar av ein akropolis ved San Cornelio, delar av murar, ein gravplass på Poggio del Sole (som framleis heiter «Solåsen»), og mest kjend dei to bronsestatuane Kimæren frå Arezzo" (400-talet fvt.) og Minerva (300-talet) som vart oppdaga på 1500-talet og ført til Firenze. Handel med grekarane førte òg nokre flotte kunstverk til den etruskiske adelen i Arezzo, som kratéren måla av Euphronios frå om lag 510 fvt. og som syner eit slag mot amasonene.

Byen vart erobra av romarane i 311 fvt. og Arretium var ein militærpost langs via Cassia, vegen frå Roma til Posletta. Arretium tok Marius si side i den romerske borgarkrigen, og Sulla, som vann krigen, førte ein koloni med veteranar frå krigen til den delvis øydelagde byen, som fekk namnet Arretium Fidens («Trufaste Arretium»). Byen blømde som Arretium Vetus («Gamle Arretium»), den tredje største byen i Italia på keisar Augustus si tid, og var særleg kjend for den store eksporten av keramikk.

På 200- og 300-talet evt. vart Arezzo sete for ein biskop, og er ein av få byar der ein veit namnet på samtlege biskopar frå den tid og fram til i dag, delvis fordi biskopane var føydale herrar i byen i mellomalderen. Den romerske byen vart øydelagd, delvis under gotarkrigen og invasjonen langobardane, og delvis fordi steinane vart nytta til å bygge nye festningsverk. Berre amfiteateret står att.

Mellomalderkommunen Arezzo tok makta frå biskopen i 1098. Fram til 1384 styrte Arezzo seg sjølv som ein sjølvstendig bystat. Dei støtta hovudsakleg ghibellinarane og stod derfor mot guelfarane i Firenze. I 1252 grunnla byen universitetet sitt, Studium. Etter slaget ved Campaldino (1289), der biskop Guglielmino Ubertini døydde, gjekk det nedover med ghibellinarane i Arezzo, bortsett frå ein kort periode under Tarlati-familien. Den største av desse var Guido Tarlati, som vart biskop i 1312 og som hadde gode relasjonar til ghibellinarane. Tarlati søkte støtte i ein allianse med Forlì og herrane her, Ordelaffi-familien, men Arezzo vart likevel lagt under Firenze sitt styre i 1384 og følgjer så historia til Firenze og storhertugdøme Toscana styrt av Medici-familien. I denne perioden arbeida Piero della Francesca o lurlka San Francesco di Arezzo og skapte flotte fresker, som nyleg er restaurert og som er dei mest kjende verka i Arezzo. Etter dette byrja byen ein økonomisk og kulturell nedgangsperiode i byen. Dette førte derimot til at mellomalderpreget vart bevart og lite av denne gamlebyen vart fornya.

På 1700-talet vart dei nærliggande murområda i Val di Chiana, sør for Arezzo, drenert og regionen vart mindre truga av malaria. Mot slutten av hundreåret erobra Napoleon Arezzo, men byen vart raskt ein base for motstandsrørsla Viva Maria. Dette gjorde at byen etter krigen vart provinshovudstad. I 1860 vart Arezzo ein del av Kongedømet Italia. Byen vart hardt råka under den andre verdskrigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Arezzo

Kjelder[endre | endre wikiteksten]