Offertorium
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit offertorium er eit omgrep nytta om framberinga av brød og vin som innleiar nattverdsliturgien i den romersk-katolske messa. I høgmesser skjer dette ofte i form av ein prosesjon der pengegåver, tidlegare òg naturalia, vert bore fram saman med brødet og vinen.
Offertorium er òg antifonen eller omkvedet til Davidssalma som vert sungen under offergangen.
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Offertorium» av Per Bjørn Halvorsen