Den romersk-katolske kyrkja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den romersk-katolske kyrkja eller Vestkyrkja er namn brukte om den største delen av den katolske kyrkja.

Kyrkja er representert over heile verda, men er viktigast i dei romansk-språklege landa i Sør-Europa, Latin-Amerika, og tidlegare koloniar til romanske land i Afrika og Asia. Irland og Polen er òg kjende katolske land.

Den romersk-katolske kyrkja i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg vart den romersk-katolske kyrkja etablert på slutten av nihundretalet som resultat av kong Olav Tryggvasons krigerske kristningsverk, og allereie før Noreg fekk eigen erkebiskop i Nidaros, noverande Trondheim, vart det skipa bispesete her i landet. Eit tingsmøte i Trondheim i 1024 gjorde på formelt vis romersk-katolsk kristendom, kult og rettsordning til den einaste lovlege, og dette varte ved heilt fram til reformasjonen i 1537, då katolisismen vart forbode og den lutherske protestantiske versjonen av kristendomen vart den einaste lovlege religion. Grunnlova frå 1914 fastsette at Noreg skulle ha den lutherske kristendomen som statens religion. Men i 1843 vart det gjeve løyve til å skipe ein katolsk kyrkjelyd i Oslo, og ei ny lov om dissentarar frå 1845 gav høve til andre religionsformar. Grunnlovas reglar om religonsutøvinga vart deretter endra i 1851, og munkeordningar, som spealr ei viktig rolle i romersk-katolsk kristendom, vart tillete i 1897. Men forbodet i Grunnlova om at at den romersk-katolske jesuittarordenen ikkje hadde tilgang til Noreg vart ikkje oppheva formelt før i 1956. I 1964 vart Grunnlova endra for å gjere det klårt at alle hadde rett til å prakstisere sin eigen religion: «Alle Indvaanere av Riget have fri Religionsøvelse».

Den moderne romersk-katolske kyrkja i Noreg er organisert i tre stift/bispedøme, som vert leia av kvar sin biskop. Kvart bispedøme er ein sjølvstendig eining, og kvar av biskopane rapporterar rett til pavestolen i Roma. Dei tre bispedøma er delt inn i til saman 35 kyrkjelyar med ei soknekyrkje kvar, men har som oftast fleire stader der det vert halde messe. Per mars 2011 er det i heile Noreg registret om lag 85.000 katolikkar.

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.