Olaf Scholz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olaf Scholz

Fødd14. juni 1958 (65 år)
Osnabrück
Statsborgar avTyskland
PartiSozialdemokratische Partei Deutschlands (1975)
Yrkepolitikar, advokat
InstitusjonarZentralverband der deutschen Konsumgenossenschaften
Utdanna vedUniversitetet i Hamburg
MorChristel Scholz
FarGerhard Scholz
EktefelleBritta Ernst
Alle verv
  • Tysklands sosial- og arbeidsminister (2007–2009)
  • Førsteborgermester (Hamburg) (2011–2018)
  • medlem av Forbundsdagen (1998–2001)
  • medlem av Forbundsdagen (2002–2005)
  • medlem av Forbundsdagen (2005–2009)
  • medlem av Forbundsdagen (2009–2011)
  • Innensenator (Hamburg, 2001–2001)
  • Medlem av Hamburgs 21. parlament
  • generalsekretær i SPD (2002–2004)
  • Tysklands finansminister (2018–2021)
  • fullmektig for fransk-tyske kulturforhold (2015–2018)
  • medlem av Forbundsdagen (2021–)
  • Liste over Tysklands visekanslere (2018–2021)
  • forbundskansler i Tyskland (2021–) Sjå dette på Wikidata

Olaf Scholz (fødd 14. juni 1958) er ein tysk politikar frå Osnabrück.[1] Han har sidan 8. desember 2021 vore forbundskanslar i Tyskland, medlem i SPD.[2][3]

Liv og virke

Bakgrunn

Olaf Scholz vart fødd i Osnabrück, og hadde sin barndom i Hamburg.[4] Faren hans arbeidde seg opp frå seljar til dagleg leiar i tekstilbransjen. Foreldra og besteforeldra som var jarnbanetilsette, kom frå Hamburg.[5] Scholz er utdanna jurist, og fekk advokatløyvet i 1985. Hans spesialfelt er arbeidsrett.

Scholz er gift med Britta Ernst, utdanningsminister i Brandenburg.

Karriere

Scholz vart medlem av SPD i 1975, og var aktiv i ungdomsorganisasjonen Jusos, blant anna som føderal nestleiar (1982–1988). Han var leiar for SPD i Hamburg frå 2000 til 2004, og vart valt inn i det føderale styre til SPD i 2001. Frå 2005 til 2007 var Scholz parlamentarisk forretningsførar for SPDs Forbundsdagsfraksjon. Frå mai til oktober 2001 var han senator for innanrikssaker i bystaten Hamburg.

Scholz var medlem av den tyske forbundsdagen frå 1998 til 2001, og på ny frå 2002. Han var generalsekretær i SPD frå oktober 2002 til mars 2004, forbundsminister for arbeids- og sosialsaker frå november 2007 til oktober 2009 og ordførar i Hamburg frå mars 2011 til mars 2018. Perioden februar-april 2018 var han mellombels partileiar i SPD. Den 14. mars 2018 vart han utnemnd til finansminister i Forbundsrepublikken Tyskland, samstundes også visekanslar for Angela Merkel. Scholz hadde desse posisjonane han til i desember 2021 aksla rolla som tysk forbundskanslar.[3][6]

Kjelder

  1. «Olaf Scholz» (på engelsk). Die Bundesregierung. Henta 12. august 2023. 
  2. Ray, Michael. (14. juli 2023). Olaf Scholz. Encyclopedia Britannica.
  3. 3,0 3,1 «Bundestag wählt Olaf Scholz zum neuen Bundeskanzler» (på tysk). Der Spiegel. 8. desember 2021. Arkivert frå originalen 8. desember 2021. Henta 8. desember 2021. 
  4. «Olaf Scholz». Sozialdemokratische Partei Deutschlands (SPD) (på tysk). Arkivert frå originalen 12. mars 2018. Henta 11. mars 2018. 
  5. Ravensburg, Munzinger-Archiv GmbH,. «Olaf Scholz - Munzinger Biographie». www.munzinger.de (på tysk). Henta 11. mars 2018. 
  6. «Ny tysk regjeringsplattform klar - kull skal ut, cannabis skal inn». TV 2 (på norsk). 24. november 2021. Henta 27. november 2021. 

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Olaf Scholz