Sozialdemokratische Partei Deutschlands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sozialdemokratische Partei Deutschlands

LandTyskland
Partileiar(ar)Lars Klingbeil[1]
GeneralsekretærKevin Kühnert[2]
Grunnlagt23. mai 1863
Ungdomsorg.Jusos
Medlemstal379 861 (31. desember 2022)[3]
IdeologiSosialdemokrati, antifascisme, proeuropeisk, atlantisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrum-venstre
Fargeraudt

Sozialdemokratische Partei Deutschlands (SPD) (norsk 'Tysklands sosialdemokratiske parti') er det eldste parlamentariske politiske partiet i Tyskland, og òg eitt av dei eldste politiske partia i verda. Formann er frå oktober 2008 Franz Müntefering.

Frå starten til første verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

August Bebel.

Partiet blei skipa i 1863 av den tysk-jødiske politikaren Ferdinand Lassalle i Leipzig som Allgemeine Deutsche Arbeiterverein (ADAV). I 1875 vart ADAV slått saman med Sozialdemokratische Arbeiterpartei (SDAP, grunnlagt 1869 i Eisenach av August Bebel og Wilhelm Liebknecht) til Sozialistische Arbeiterpartei Deutschlands (SAPD). I 1890 blei namnet endra til Sozialdemokratische Partei Deutschlands (SPD).

Den tyske rikskanslaren fyrst Otto von Bismarck prøvde å hindre oppslutning om partiet ved både å innføre visse sosiale tiltak og rett og slett å forby SPD. Forbodet betydde likevel ikkje masseterror mot sosialistane som under Hitler-regimet, berre eit lokk på den rørsla som likevel utvikla seg, og at leiande sosialdemokratar måtte opphalde seg i eksil til forbodet blei oppheva i 1890. Da var SPD alt blitt eit av dei største politiske partia i landet, noko som viste seg i vala dei følgjande åra.

Etter 1890 utvikla SPD den særeigne kombinasjonen av ortodoks marxisme i teorien og legalistisk reformisme i praksis som skulle bli partiet sitt kjennemerke og delvis prege den Andre Internasjonalen fram til utbrotet av første verdskrigen i 1914. Både partiet og dei sterke fagforeiningane med mange medlemmer utvikla eit stort behov for administrasjon, for lønna funksjonærar. Å oppretthalde apparatet blei meir og meir viktig, og måtte motverke viljen til revolusjonære eksperiment. Denne kombinasjonen av revolusjonær teori og reformistisk praksis er også blitt kalla "sentrisme", og er knytt til leiande tyske sosialdemokratar i denne perioden, som Wilhelm Liebknecht, August Bebel og Karl Kautsky. Opposisjonen mot denne dobbelthaldninga kom både frå Eduard Bernstein, som meinte SPD burde stå ope fram som reformparti, og Rosa Luxemburg, som ville ha ein meir revolusjonær praksis.

Frå første til andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Under første verdskrigen blei SPD splitta. Partileiinga hadde slutta seg til «fedrelandsforsvaret» under krigen, og krigsmotstandarane skipa i 1917 USPD, det Uavhengige Sosialdemokratiske Partiet i Tyskland. Der var både Eduard Bernstein, Karl Kautsky og Rosa Luxemburg med. I november 1918, da uroa i den krigstrøtte befolkninga og mytteri blant matrosar og soldatar gjorde at keisaren og regjeringa og generalstaben trekte seg, danna SPD og USPD ei mellombels regjering til val på grunnlovgivande nasjonalforsamling kunne haldast. I 1920 var USPD mesta like stort som SPD, men like etter blei USPD kløyvd, og om lag ein tredel av medlemmene gjekk tilbake til SPD, mens ein tredel gjekk til kommunistane og ein tredel «forsvann».

Under Weimar-republikken var SPD ein av den demokratiske republikken sine fremste forsvararar mot motstandarar både til venstre (kommunistane i KPD) og til høgre (dei nasjonalistiske høgrepartia og nazistpartiet). I 1931 blei SPD kløyvd igjen, fordi særleg ungdommen i rørsla meinte leiinga var blitt altfor forsiktig i kampen mot sosial urett og mot den nazistiske trusselen. Mellom andre den unge Willy Brandt gjekk ut og blei med i SAP, det Sosialistiske Arbeidarpartiet, som også trekte til seg moderate kommunistar som var ekskluderte frå kommunistpartiet KPD.

Våren 1933, etter riksdagsbrannen og arrestasjonen av dei kommunistiske riksdagsrepresentantane, var SPD sin riksdagsfraksjon den einaste som stemte mot å gi Hitler diktatoriske fullmakter. Alle borgarlege stemte for. SPD-gruppeleiar Otto Wels sin tale i denne debatten er blitt eit lysande døme på politisk ryggrad. Kort tid etterpå blei også sosialdemokratane arresterte, og partiet forbode. Fagorganisasjonane likeins. Dei borgarlege partia oppløyste seg sjølve.

Under nazismen var svært mange sosialdemokratar, venstresosialistar (frå SAP) og kommunistar innesperra i konsentrasjonsleirar. Titusenvis blei drepne i avrettingar og mishandlingar, titusenvis døydde av svolt og sjukdom. Eit visst motstandsarbeid blei drive under svært vanskeleg tilhøve, men for det meste måtte ein nøye seg med å prøve å oppretthalde sjølve miljøa, med formelt upolitiske songforeiningar og slikt noko.

Frå andre verdskrigen til i dag[endre | endre wikiteksten]

SPD tok opp att verksemda si etter andre verdskrigen, under leiing av den tidlegare konsentrasjonsleirfangen Kurt Schumacher. Det viste seg fort at SPD var det overlegent største sosialistiske partiet i dei vestlege okkupasjonssonene, mens det kommunistiske KPD ikkje reiste seg att som noka kraft å rekne med (partiet vart dessutan forbode i 1956). Også dei fleste tidlegare venstresosialistane i SAP hadde gått inn att i SPD, såleis mellom andre Willy Brandt.

Men i den sovjetiske okkupasjonssonen blei SPD tvangssamanslått med KPD til det Sosialistiske Einskapspartiet i Tyskland (SED), som blei det statsberande partiet i DDR frå 1949. Det var dette året okkupasjonssonene blei omgjorde til to tyske statar, Forbundsrepublikken Tyskland i vest, og den Tyske Demokratiske Republikken DDR i aust.

Den politiske linja til SPD i den første etterkrigstida var framleis prega av marxistisk samfunnsanalyse, men slett ikkje noka pro-kommunistisk haldning. Partiet blei av politiske motstandarar på borgarleg side skulda for «nasjonalisme» fordi det ville ha eit samla og nøytralt Tyskland, og var skeptisk til den politiske innblandinga frå alle okkupasjonsmaktene. Frå 1959, med Godesbergprogrammet, slo SPD inn på ei meir sentrumsorientert politisk linje, og definerte seg ikkje lenger som eit sosialistisk parti, men som eit pragmatisk folkeparti.

SPD var i opposisjon fram til det gjekk i koalisjonsregjering med dei liberale (Fridemokratane) i 1966. Denne alliansen hadde regjeringsmakta fram til 1982, og SPD hadde forbundskanslaren (regjeringssjefen) frå 1969, med Willy Brandt etterfølgd av Helmut Schmidt. Dei liberale skifta i 1982 side, og allierte seg med Kristelegdemokratane i CDU/CSU. I 1998 kom SPD tilbake til makta med Gerhard Schröder som kanslar, men no saman med partiet Dei Grøne.

Etter at DDR-regimet gjekk i oppløysing i 1989-1990, kunne SPD verke fritt att også i denne delen av Tyskland. Partiet blir utfordra frå venstre av det tidlegare kommunistpartiet i DDR, som no heiter Venstrepartiet.PDS, og av eit nytt Valalternativ for arbeid og sosial rettferd (WASG) som samarbeider med Venstrepartiet. Sjølv om SPD samarbeider med Venstrepartiet i to delstatsregjeringar, Berlin og Mecklenburg-Vorpommern, avviser den føderale leiinga i SPD kategorisk å samarbeide med partiet på føderalt nivå.

Etter at Sosialdemokratane og Dei grøne tapte det føderale valet i 2005 gjorde Gerhard Schröder klart at SPD ville freiste å få til samarbeid med alle parti bortsett frå Venstrepartiet. Etter vanskelege forhandlingar inngjekk partiet i ein storkoalisjon med CDU og CSU leidd av Angela Merkel.

Sentrale SPD-politikarar[endre | endre wikiteksten]

SPD sine formenn[endre | endre wikiteksten]

Sigmar Gabriel er formann frå 2009

Liste over kanslarar frå SPD[endre | endre wikiteksten]

Liste over presidentar frå SPD[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]