Olav Nysæter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Nysæter
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. februar 1955 (69 år)
Noreg
Idrett fotball

Olav Nysæter (fødd 28. februar 1955) er ein norsk tidlegare fotballspelar. Han var angrepsspelar og toppskårar i 1. divisjon i 1983 med Kongsvinger IL.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Åra 1973 og -74 spelte Nysæter på femtedivisjonslaget Vaaler. Sidan var han aktiv på Flisa IL sitt lag, ein divisjon høgre i seriesystemet. Frå 1980 spelte han for Kongsvinger IL, ein fotballklubb som i 1982 vann 2. divisjon A. I klubbens fyrste sesong i norsk toppdivisjon skåra Nysæter 14 mål og vart toppskårar i serien. Han la opp i 1987.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Nysæter var med i 2 landskampar, begge kvalifiseringskampar til Sommar-OL 1984. Kampane fann stad i Poznan i Polen den 9. november 1983 og i Potsdam i dåverande Aust-Tyskland tre dagar seinare. Begge enda med norsk 0–1-tap.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Bronse i seriemeisterskapen: 1986 og 1987 med Kongsvinger IL

Kjelder[endre | endre wikiteksten]