One 2 Many

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

One 2 Many var eit norsk band med Dag Kolsrud (keyboard), Camilla Griehsel (vokal) og Jan Gisle Ytterdal (gitar).

Dei gav ut sitt første og einaste album MirrorA&M Records i 1988. Poplåten «Downtown» blei ein umiddelbar suksess over heile Europa. Ytterlegare tre singlar blei gitt ut, men bandet blei splitta under promoteringskampanjen, noko som stadfesta gruppa sin status som «one-hit wonder».

Kolsrud gjekk vidare til bandet Guys in Disguise, og deretter freista han seg med ein solokarriere. Han blei seinare musikkdirektør for A-ha sin verdsturne. Griehsel gifta seg med den britiske songaren Colin Vearncombe frå bandet Black i 1990.