One Penny Black

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
One Penny Black, det fyrste frimerket i verda

One Penny Black, eller «ein penny svart», er namnet på det fyrste offisielle frimerket i verda. Frimerket hadde lim på baksida, som ein kunne væta og lima på eit brev. Frimerket vart utgjeve av postvesenet i det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland den 1. mai 1840, for bruk frå den 6. mai.

Frimerket syner dronning Victoria av Storbritannia i profil.