Oodnadatta
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oodnadatta er ein tettstad i den australske delstaten Sør-Australia. Namnet kjem frå aboriginarspråket arrernte og tyder 'mulgablome'. Ved folketeljinga i 2006 hadde staden 277 innbyggjarar — 150 mannlege og 127 kvinnelege. 103 av dei rekna seg som aboriginarar.
Oodnadatta har ørkenklima og er den staden i Australia der ein har målt den høgaste truverdige maksimumstemperaturen: 50.7°C den 2. januar 1960.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Oodnadatta» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mai 2011.