Open mellomtenar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein open mellomtenar (eller proxy) er ein mellomtenar som tilgangsvern og difor kan nyttast av kven alle internettbrukarar. Generelt sett skal ein mellomtenar lagre og vidaresende DNS-forespørslar frå brukarar av ei nettverksgruppe, ein open mellomtenar vil derimot late kven som helst nytte denne vidaresendingstenesta.

Ved å bruke anonyme opne mellomtenarar kan ein brukar skjule IP-adressa si frå omverda. Opne mellomtenarar vert difor mykje nytta til å gjere skadeverk eller handlingar som bryt lova. Mange ser difor på opne mellomtenarar som eit problem. På den andre sida kan opne mellomtenarar nyttast til å omgå lands eller organisasjonars sensur av internett. Kina er eit døme på land som i dag driv sensur av internetttenester.