IP-adresse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei IP-adresse er ei unik numerisk adresse som identifiserer einingar kopla saman i eit nett, på på IP-laget. Typiske einingar er datamaskiner, rutarar, skrivarar, IP-telefonar, osv. Slik kan maskiner ha ein referanse til kvarandre når informasjon skal sendast over IP-baserte nett. Kvart datagram ber med seg IP-adressa saman med den informasjonen som vert overført, slik at netteiningane veit kvar datapakkane skal vidaresendast.

Av di det er vanskeleg å hugse store mengder numeriske adresser, er det laga eit katalogsystem for å omsette mellom IP-adresser og tekstbaserte adresser, sokalla domenenamn (sjå DNS). Standarden for IP-adresser er utvikla over fleire versjonar.

Generelt[endre | endre wikiteksten]

Kommunikasjonsprotokollen Internet Protocol (IP) identifiserer kvart nettgrensesnitt for kommuniserande einingar med eit nummer, ei IP-adresse. Innanfor same segment på eit datanett må dette nummeret vera unikt for kvar eining, men IP-adressene kan brukast oppatt innan andre segment av eit nett, som til dømes private nett. Det blir ofte knytt eit tekstbasert vertsnamn mot nummeret. Ei eining kan vera sett opp med ei statisk IP-adresse, det vil seie at eininga alltid har same adresse på nettet, eller få tildelt ei dynamisk IP-adresse frå ein DHCP-tenar som kan variere kvar gong eininga koplar seg til nettet. Til dømes er det vanleg for internettbrukarar å få tildelt ei dynamisk IP-adresse kvar gong ein koplar seg til nettleverandøren sin. Men tenarar som skal gjerast tilgjengelege for andre brukarar, som til dømes vev- og smtp-tenarar, må ha faste IP-adresser.

IP versjon 4 (IPv4)[endre | endre wikiteksten]

IP versjon 4 vart implementert 1. januar 1983 og har vore i bruk for Internett sidan, i tillegg til fortsatt å vera den mest brukte i lokale nettverk.

Format IPv4[endre | endre wikiteksten]

Ei IPv4-adresse er sett saman av fire segment (IP-segment), kvar med 8 bit (ein Byte, der kvart segment kan ha verdiar frå 0 til 255. Sidan ein byte utgjerast av 8 bits, kallast desse segmenta ofte for oktettar. Ei IPv4-adresse inneheld er såleis på 32 bit (1 byte = 8 bit x 4 IP-segment = 32 bit), og dette gir berre plass til sjølve nummeradressa - på lik linje med eit telefonnummer.

IP versjon 5 (IPv5)[endre | endre wikiteksten]

Det som ein ville ha kalla «IPv5» eksisterte berre som ein eksperimentell datastraumprotokoll kalla ST2. Denne protokollen vart skrinlagd til fordel for RSVP.

IP version 6 (IPv6)[endre | endre wikiteksten]

IPv6 er ein ny standard protokoll for Internett som enno ikkje er så utbreidd. Adressene inneheld 128 bit, noko som burde vera tilstrekkeleg i overskodeleg framtid, sjølv ved ein sterk auke i tildeling av adresseseriar. Med denne standarden har ein teoretisk kapasitet på nøyaktig 2128, eller omtrent 3,403*1038 unike grensesnittadresser. I dette store adresserommet vil det vera mogleg å legge inn meir ruteinformasjon i sjølve adressene enn ein kan i dag.

Format IPv6[endre | endre wikiteksten]

Ei versjon 6-adresse er skriven som åtte 4-sifra heksadesimale tal skilde med kolon. Dette gir 8 x 16 bits = 128 bits. Ein serie nullverdiar pr. adresse kan utelatast (1080::800:0:417A vil vera same adresse som 1080:0:0:0:0:800:0:417A).

Globale IPv6-adresser er sett saman av to delar: ein 64-bit rutedel og ein 64-bit vertsidentifikator.

Adresseseriar blir oppgjevne som for IPv4: nettnummer følgd av ein skråstrek, deretter det aktuelle talet bit av nettnummeret (på desimal form). Døme: 12AB::CD30:0:0:0:0/60 inkluderer alle adresser som byrjar med 12AB00000000CD3.

IPv6 inneber mange fleire forbetringar i høve til IPv4 enn berre tilgang på fleire adresser, inkludert automatisk renummerering og obligatorisk bruk av sikringsprotokollen IPsec.

Tildeling[endre | endre wikiteksten]

Tildelinga av IP-adresser er fordelt på ulike regionale adresseregister som på verdsbasis er koordinert av IANA. Desse registra er:

Tildeling skjer frå dei regionale adresseregistra direkte til dei ulike aktørane i nettmarknaden. Ein organisasjon søkjer om ein serie adresser frå sitt regionale register, og kan så bruke denne serien slik dei ønskjer, t.d. leige ut IP-adresser til kundar eller fordele dei på organisasjonsledd. Når ein stor nok del av serien er teken i bruk, kan organisasjonen søkje om ein ny.

Adressetilgang[endre | endre wikiteksten]

Nokre seriar er sett til side for bruk som private IP-adresser, regulert i RFC 1918. Dette vil seie at adressene kan brukast fritt, og dermed brukast om att. Desse seriane blir ikkje ruta ute på Internett, men vert i stort mon nytta i datanett som ikkje er direkte tilknytte det opne nettet, grunna den etterkvart knappe tilgangen på offentlege adresser. Slike nett må bruke nettadresseomsetjing (NAT) for å knyte seg til Internett.

Sidan kvar eining i eit datanett må ha ein unike referanse, er det innanfor IPv4-standarden er berre 4 294 967 296 (drygt 4 milliardar) unike maskinadresser tilgjengeleg på verdsbasis, noko som ikkje er tilstrekkeleg til å dekke etterspurnaden etter adresser på lengre sikt. Fordi IP-adresser ofte vert tildelte i seriar, har det etterkvart blitt knapt med ledige adresser og presset for ein overgang til den 128-bits versjon 6 aukar stadig.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • RFC 791 «Internet Protocol Specification»
  • RFC 1466 «Guidelines for Management of IP Address Space»
  • RFC 1591 «Domain Name System Structure and Delegation»
  • RFC 1918 «Address Allocation for Private Internets»
  • RFC 2050 «INTERNET REGISTRY IP ALLOCATION GUIDELINES»
  • RFC 2373 «IP Version 6 Addressing Architecture»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]