Operasjon Phoenix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Operasjon Phoenix var eit program utarbeidd av CIA under Vietnamkrigen. Programmet skulle identifisere og «nøytralisere» sivile som støtta FNL («Viet Cong»), og metodane for denne «nøytraliseringa» var infiltrasjon, arrestasjonar, terrorisme og drap. Programmet var aktivt mellom 1967 og 1972, og liknande tiltak fanst både før og etter den tida.

Mellom 1968 og 1972 vart 81 740 medlemer av FNL «nøytraliserte», av dei vart 26 369 drepne. Phoenix-programmet har vorte sett på som ein drapskampanje, og kritisert som eit døme på menneskerettsbrot.

Løytnant Vincent Okamoto, ein dekorert amerikansk veteran frå Vietnamkrigen, har sagt dette om korleis dei kunne gå fram: «Problemet var å finne dei som stod på svartelista. Den vanlege prosedyren var å gå inn i ein landsby og berre gripe ein eller annan og seie: - Kor er Nguyen eit eller anna? Ofte var folk så redde at dei kunne seie kva som helst. Da ville eit Phoenix-team ta informanten, sette ein sekk på hovudet hans, klippe ut to hol så han kunne sjå, sette eit reip rundt halsen hans som ei lang hundelenke, og så få han til å gå gjennom landsbyen og gi signal når vi kom til Nguyen sitt hus. Om natta ville så Phoenix kome tilbake, banke på og skyte den som opna døra. For dei var det ein kommunist som opna, same kven det var, også om det var familiemedlemer. Nokre gonger kom dei tilbake til leiren med avskorne øyre for å prove at dei hadde drepe folk.»

Kjelde: [1]