Ordenstal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ordenstal skildrar nummer i ei rekkje, og kan derfor og nemnast som rekkjetal. Første er ordenstalet som viser til nummer éin i ei rekkje.

I nynorsk blir første følgt av andre, medan bokmål har alternativet annen i tillegg til andre. Deretter følgjer tredje, fjerde, femte osb.

Ordenstal skrive med tal må ha eit punktum etter seg.

Døme: 4. juli, 18. mai, 51. bataljon

Ordenstala er adjektiv, til skilnad frå grunntala, som er determinativar. Jf:

  • Den fine / første / andre boka (adjektiv)
  • Nokre / to / fjorten / ingen bøker (determinativ)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Språkrådet
  • Faarlund, Jan Terje, Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo 1995: Norsk referansegrammatikk