Otto von Schrader

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Otto von Schrader (18. mars 188819. juli 1945) varr fødd i Austpreussen i Tyskland, i det noverande Polen. Han var tysk admiral.

Schrader hadde frå april 1940 til 31. januar 1943 tittelen Admiral der Norwegische Westküste. Frå februar 1943 til mai 1945 hadde Schrader tittelen Kommandierender Admiral der Norwegische Westküste, eller kommanderande admiral for den norske vestkysten.

Schrader var såleis øvste sjef for den tyske marina «Kriegsmarine» på vestkysten av Noreg under den andre verdskrigen. Schrader hadde hovudkvarteret sitt i Bergen.

I 1943 godkjende han ved tre høve avrettinger av kommandosoldatar (som kravd i den berykta "Kommando-ordren" frå 18. okt 1942).[1] [2]

Han tok sitt eige liv den 19. juli 1945 i Bergen i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]