Owl City

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Owl City
Owlcity.png
Owl City i 2009
Opphav Owatonna i Minnesota, USA
Sjanger Synthpop, indietronica
Aktive år 2007–
Plateselskap Universal Republic
Nettside www.owlcitymusic.com
Medlemmer
Adam Young

Owl City er eit einmanns synthpop-prosjekt starta i 2007 av Adam Young frå Owatonna i Minnesota, USA.

Adam Young starta å komponere musikk etter at han skal ha slitt med søvnløyse. Han vart lagt merke til for songane han hadde lasta opp på MySpace og fekk seinare signert seg til eit musikkselskap.[1] Owl City kom i 2007 ut med EP-en Of June, som i 2008 vart etterfølgt av albumet Maybe I'm Dreaming. Of June nådde som nummer 20 på Billboard-lista for elektroniske album og Maybe I'm Dreaming nådde ein 16-plass som høgste plassering på same liste.[2]

Young har sagt at han er inspirert av disko og europeisk elektronisk musikk.[3] Ocean Eyes, det tredje albumet til Owl City, vart gitt i juli 2009 og debuterte som nummer 27 på Billboard 200. Tre singlar er gitt ut frå det albumet, «Fireflies», «Umbrella Beach» og «Vanilla Twilight».[4]

I november 2010 vart julesingelen «Peppermint Winter» gitt ut.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]