Pålemast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Redningsskøyta «Halten» med pålemast.

Ei pålemast er ei mast som er laga i eitt stykke. Ho har til vanleg vorte laga av eit tre. Ho vert brukt på fartøy der gaffel, masteringar eller rakke glir langs masta når seglet vert heist og firt.

Utforminga er noko ulik om fartøyet har gaffelrigg eller råsegl, og om det har dekk eller ikkje. Ved desse riggtypane er masta avstaga høgt oppe, i godset eller bjørnen. Her er vant og stag festa. Her er og mastegalgen der klofallet er fast. Under godset, i sviktet, kviler gaffelen mot masta når seglet er sett. Mellom sviktet og bommen må masta vere glatt, for gaffel og masteringar glir langs den når seglet vert heist og firt. På gaffelrigga fartøy er pålemasta oftast tjukkast ved bomstolen, der bommen er festa. Ho smalnar opp mot godset, og ned mot mastefisken, der masta går gjennom dekket. I nedste enden har masta ein tapp som passar i eit spor i kjølsvinet, og er viktig for at masta ikkje skal vri seg under seglpress. Lengda på kaltoppen, den delen av masta som er over godset, vert bestemt av om fartøyet har toppsegl, og korleis toppseglet er utforma. Toppseglfallet går gjennom eit skivegatt som er innfelt i toppen. På kaltoppen er festa beslag for piggfallet og for klyverfallet. På toppen har masta gjerne ei mastekule, eller masteknapp, som vernar endeveden mot vete. Gjennom mastekula går det ofte hol for flaggline.

Bruken av fartøyet er avgjerande for høgda på pålemaster. Fraktefartøy og lystbåtar hadde som hovudmål å kome snøgt fram, og ein høg mast kunne gi større seglflate. På fiskebåtar var tilhøva uner fiskeria avgjerande. Hei høg mast gir meir slingring og dårlegare stabilitet når seglet ikkje er oppe. Ein finn difor helst korte toppar hjå fiskarane. Det hende at fembøringar som reiste langt for å delta i fiskeri hadde ei eiga mast, ein lauparrigg[1][2], som hadde så høg topp at dei førte toppråsegl. Ein finn og døme på at høgare toppar vart påsette under langfart, og når det elles var aktuelt å føre toppsegl.

For å gi ein rolegare og stabilare båt under fiske har det ikkje vore uvanleg å leggje ned pålemasta på fiskefeltet. Dette kunne ein forholdsvis enkelt gjere på minder, opne båt. Men og på større fiskefartøy der ein kombinerte motor og segl har det vore hengsla master.

På Fjørefaret som Hans Strøm teikna på 1760-talet, pressar rakken mot masta høgt oppe. Då vender truleg rotenden opp.

I Noreg er oftast gran og furu som har vorte brukt til mastetømmer. Det er lettare å finne rake, tynne grantre som eignar seg til masteemne enn furutre. Men grana rotnar lettare og er mindre varig enn ei malma fure. Styrken til treet er størst ned mot rota. Ein plasserer difor fellingsskuren så lågt som råd ned mot rota, når mastetreet skal fellast. Master til gaffelsegl og råsegl får ulik belastning. Dei fleste gaffelrigga fartøya har dekk. Då er presset størst ved mastefisken i dekk. Ein plasserer då rotenden ned. Råseglmaster har størst påkjenning opp mot godset, der rakken pressar mot masta under seglas. På slike master er oftast rotenden opp.

Ei råseglmast er oftast flat på framsida. Dette heng truleg saman med at ein då lettare kan få henne laus om ho vil kile seg fast.[3]

Dei eldste skipa med segl, i Norden, hadde pålemast med råsegl.

Ei mast samansett av fleire stenger vert kalla stengemast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bojer s.187
  2. Godal, Eldjarn bind 4.
  3. Godal, Eldjarn Bind 3 s. 90