Pacemaker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pacemaker med elektrode

Pacemaker (engelsk for «taktgjevar») er i daglegtalen eit hjelpemiddel for å oppretthalde tilnærma normal hjarterytme hos personar som av ulike årsaker har mista eller har forstyrringar i han. Ordet pacemakar blir òg nytta om det vevsområdet i hjartet (sinusknuten) som normalt styrer hjarterytmen. Det finst òg kunstige pacemakarar som styrer andre område enn hjartet, blærepacemaker.

Ein pacemakar er sett saman av ein elektronikkdel med batteri og pulsgenerator, kopla til ein, to eller tre elektrodar som kan ta imot og/eller gje elektriske signal. Elektrodane ligg i høgre framkammer, i høgre hjartekammer og somme tider utanpå venstre hjartekammer. Ein kan òg ha kortvarig bruk av mellombelse pacemakarar som verkar gjennom plater festa på utanpå brystkassa.

Ein hjartepacemaker kan vera intern eller ekstern. Den eksterne blir gjerne nytta på born som er for små til å få operert inn pacemaker, eller for kort tids bruk etter hjarteoperasjonar eller under hjartekateterisering. Ein intern pacemaker har elektronikkdelen, i form av ein liten metallboks på ca 3x3 cm, lagt inn under brystmuskelen eller i buken.

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.