Hjartekateterisering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hjartekateterisering er å føre eit kateter inn i hjarte eller dei hjartenære blodårene. Dette skjer for å sette diagnose eller for å behandle, ofte begge delar.

Inngangen for kateteret er ein av dei plassane dei store venene eller arteriane ligg rett under huda; lyske, vrist, olboge eller hals. Ein stikk inn med ein hol nål eller blottlegg åra med eit lite snitt. Så blir ein streng (guidewire) tredd dit ein ynskjer, kateret blir tredd over strengen og strengen trekt ut. Kateteret er væskefylt, ein kan difor måle trykket ved kateterspissen. Ein kan òg føre ulike instrument opp i gjennom kateteret. Når ein trer strengen og kateteret inn kan ein sjå dei med gjennomlysing (fluoroskopi). Ekkokardiografi blir òg nytta i særskilde tilfelle. I løpet av ein kateterisering kan ein nytta fleire kateter, og katetere i fleire posisjonar. Når katetera er trekt ut blir innstikksstaden komprimert ei stund.

Ein kan gjera ei rekke prosedyrar under ei hjartekateterisering:

Blant eksperimentelle metodar er òg innsetting av klaffeprotesar.

Under kateteriseringa får pasienten oftast antiokoagulasjon (heparin) for å motverka trombosar og antibiotika for å motverka infeksjonar. Avhengig av alder og type prosedyre foregår hjartekateterisering i vaken tilstand, med lett sedering eller i full narkose.