Palma Vecchio
Jacopo Palma eller Palma Vecchio, (1480–1528) var ein italiensk kunstmålar under renessansen. Han tilhøyrde den venetianske skulen og vert rekna som ein av dei fremste innanfor stilretninga.
Palma Vecchio (=gamle Palma; for å skilje han frå grandnevøen som også var ein kjend målar) var fødd i Serina Alta, nær Bergamo, kringom 1480. Palma kom til Venezia tidleg i det 16. hundreåret, han var visstnok ein følgjesvenn og konkurrent til Lorenzo Lotto. Han skal ha vore elev av Tizian, hans tidlege arbeid viser elles påverknad frå Giovanni Bellini. Palma var truleg lærar til Bonifazio Pitati og har påverka Giovanni Busi, han hadde elles mange elevar som etter hans død fullførte i kring 40 uferdige verk.
Palma sine verk demonstrerer ein overlegen rikdom av fargar, men utmerkar seg korkje i kreativitet eller i handverk. Kvinner opptrer i fleire av måleria hans, ofte var den såkalla dottera hans, Violante, modell. Mange av dei beste arbeida hans vart gjort for kyrkjer. Motiva vert gjerne formidla mot ein bakgrunn med idylliske landskap.
Palma Vecchio døydde i Venezia i 1528.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Palma Vecchio» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mars 2012.