Den antarktiske halvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Den antarktiske halvøya.
Plasseringa til Den antarktiske halvøya i Antarktis.

Den antarktiske halvøya (engelsk Antarctic Peninsula) er den nordlegaste delen av fastlandet i Antarktis. Ved overflata er ho den største halvøya i Antarktis og strekkjer seg 1300 km frå ei linje mellom Cape Adams (Weddellhavet) og eit punkt på fastlandet sør for Eklund Islands. Under isdekket som dekkjer Den antarktiske halvøya består ho av ei rekkje øyar som er skild av djupe kanalar. Kanalane er dekte av isen, men botnen av dei ligg godt under havnivå. Eldlandet, den sørlegaste delen av Sør-Amerika, ligg berre kring 1000 km unna på andre sida av Drakesundet.[1]

Det ligg for tida mange forskingsstasjonar på Den antarktiske halvøya og fleire nasjonar har gjort krav på området. Halvøya er ein del av dei overlappande kravområda til Argentina, Chile og Storbritannia. Ingen av desse krava er internasjonalt anerkjente og dei respektive landa følgjer ikkje i dag aktivt opp desse krava.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Booth Island og Mount Scott ligg på kvar si side av den smale Lemaire Channel på vestsida av Den antarktiske halvøya.
Utanfor kysten av halvøya ligg mange øyar. Her er Webb Island og bakom Adelaide Island.

Oppdaging og namngjeving[endre | endre wikiteksten]

Kven som oppdaga Den antarktiske halvøya først er omstridd, men det skjedde visstnok i 1820. Den første oppdaginga av det antarktiske fastlandet, som var Den antarktiske halvøya, skjedde truleg under ekspedisjonen til den russiske marinen leia av Thaddeus von Bellinghausen. Ekspedisjonen forstod ikkje at det dei trudde var eit isfelt dekt av små høgder faktisk var fastlandet den 27. januar 1820. Edward Bransfield og William Smith var dei første som kartla ein del av Den antarktiske halvøya berre tre dagar seinare den 30. januar 1820. Staden vart seinare kalla Trinityhalvøya, den nordaustlegaste delen av halvøya. Den nest stadfesta oppdaginga var av John Biscoe som kalla den nordlege delen av Den antarktiske halvøya Graham Land i 1832.[1][2]

Kven som først sette fot på kontinentet er òg omstridd. Ein selfangar på 1800-talet kalla John Davis var nesten heilt sikkert den første, men selfangarane var ofte løyndomsfulle med kvar dei reiste og skipsloggane deira vart ofte med vilje gjort upålitelege for at ikkje andre selfangarar skulle finne dei nye selfangstområda.[1]

Mellom 1901 og 1904 leia Otto Nordenskiöld den svenske antarktisekspedisjonen, ein av dei første ekspedisjonane som utforska delar av Antarktis. Dei gjekk i land på Den antarktiske halvøya i februar 1902, ombord på skipet «Antarctic» som seinare forliste ikkje langt frå halvøya. Heile mannskapet vart seinare berga av eit argentinsk skip. British Graham Land Expedition mellom 1934 og 1937 kartla området frå lufta og konkluderte med at Graham Land ikkje var ei øygruppe, men ei halvøy.[1][2]

Ein avtale om namnet Den antarktiske halvøya (eller Antarctic Peninsula på engelsk) av US-ACAN og UK-APC løyste i 1964 ei langvarig usemje om namnet. USA hadde til då nytta Palmerhalvøya (Palmer Peninsula) og britane hadde nytta Graham Land. Usemja vart løyst ved å la Graham Land vere namnet på Den antarktiske halvøya nord for ei linje mellom Cape Jeremy og Cape Agassiz, og Palmer Land sør for denne linj. Palmer Land er kalla opp etter den amerikanske selfangaren Nathaniel Palmer.) I Chile har halvøya det offisielle namnet O'Higgins Land, etter den chilenske patrioten og visjonæren Bernardo O'Higgins. Andre spansktalande land kallar ho «Península Antártica», mellom dei Argentina (som òg kallar ho «Tierra de San Martín»), som har fleire basar og personell på halvøya enn noko anna land.[1]

Andre delar av halvøya vart namngjevne av forskjellige ekspedisjonar som oppdaga dei, som Bowman Coast, Black Coast, Danco Coast, Davis Coast, English Coast, Fallieres Coast, Loubet Land, Nordenskjold Coast og Wilkins Coast.[1]

Forskingsstasjonar[endre | endre wikiteksten]

Forskingsfartøyet ved verftet i Rothera forskingsstasjon.

I 1950-åra auka talet på forskingsbasar på halvøya, då både Storbritannia, Chile og Argentina gjorde krav på det same området.[3] Meteorologi og geologi were the primary research subjects.

Sidan halvøya har det mildaste klimaet i Antarktis, har området fleire forskingsstasjonar enn andre område av Antarktis. Det er òg det området av Antarktisk som vert oftast vitja av turistskip. Av basar her finn ein Base General Bernardo O'Higgins Riquelme, Bellingshausen Station, Comandante Ferraz-basen, Rothera forskingsstasjon og San Martín-basen. I dag er det mange nedlagde militære og vitskaplege basar på Den antarktiske halvøya . Iskjernar og sedimentprøvar frå halvøya er verdifulle fordi hendingar som den vesle istida kan stadfestast med prøvar frå andre kontinent. Den argentinske Esperanza-basen er fødestaden til Emilio Marcos Palma, den første personen som vart fødd i Antarktis.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av Den antarktiske halvøya.

Halvøya er særs berglendt og dei høgaste toppane er over 2800 meter over havet. Kjende fjelltoppar er Mount Castro, Mount Coman, Mount Gilbert, Mount Jackson, som er det høgaste fjellet med 3184 meter over havet, Mount William, Mount Owen og Mount Scott. Desse fjella vert rekna for å vere eit framhald av Andesfjella i Sør-Amerika, med ein undersjøisk rygg mellom dei to.[4] Dette er grunnlaget for at Chile og Argentina har gjort krav på området. Scotiabogen er øybogesystemet som knyt fjella på Den antarktiske halvøya til fjella i Eldlandet.

Landskapet på halvøya er typisk Antarktis-tundra. Halvøya har mange bratte fjellsider og isbrear strøymer ut mot Larsen isbrem, som braut laus i 2002. Andre isbremmar på halvøya er George VI isbrem, Wilkins isbrem, Wordie isbrem og Bach isbrem. Filchner-Ronne isbrem ligg aust for halvøya.

Øyane langs halvøya er stort sett dekte av is eller landfaste av pakkisen.[5] Mellom halvøya og dei nærliggande øyane ligg Antarctic Sound, Erebus and Terror Gulf, George VI Sound, Gerlachesundet og Lemaire Channel. Lemaire Channel er ein av dei mest populære turistmåla for turistskipa som vitjar Antarktis. Lenger vest ligg Bellingshausenhavet og i nord ligg Scotiahavet. Den antarktiske halvøya og Kapp Horn skapar ein kanaliseringseffekt, der vindane vert pressa gjennom det relativt smale Drakesundet.

Hope Bay, ved 63°23′S 057°00′W, ligg like ved nordtuppen av halvøya, som er Prime Head på 63º13'S. Nær tuppen av Hope Bay ligg Sheppard Point. Delen av Den antarktiske halvøya som strekkjer seg nordaustover frå ei linje mellom Cape Kater og Cape Longing vert kalla Trinityhalvøya. Brown Bluff er ein sjeldan tuya og Sheppard Nunatak ligg òg her. Airy Glacier, Seller Glacier, Fleming Glacier og Prospect Glacier dannar Forster Ice Piedmont langs vestkysten av Den antarktiske halvøya. Charlotte Bay, Hughes Bay og Marguerite Bay ligg òg på vestkysten.

På austkysten ligg Athene Glacier, medan Arctowski Nunatak og Akerlundh Nunatak begge ligg like innanfor austkysten. Fleire mindre halvøyar strekkjer seg ut frå Den antarktiske halvøya, som Hollick-Kenyon Peninsula og Prehn Peninsula ved foten av Den antarktiske halvøya. Her ligg òg Scaife Mountains. Eternity Range ligg midt på halvøya. Andre geografiske særpreg er Avery Plateau, og tvillingtoppane Una Peaks.

Klima[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå klima i Antarktis.
Nesten skyfritt bilete av nordenden av Den antarktiske halvøya på våren.

Fordi Den antarktiske halvøya strekkjer seg nord for den antarktiske polarsirkelen, er han den nordlegaste delen av Antarktis og har det mildaste klimaet på kontinentet. Temperaturane er høgast i januar med eit snitt på 1 til 2°C, og lågast i juni med eit snitt på -15°C til - 20°C. Vestkysten frå tuppen av Den antarktiske halvøya sør til 68 grader sør, har eit maritimt antarktisk klima og er den mildaste delen av halvøya. Langs denne delen av Den antarktiske halvøya når temperaturane over 0 °C 3-4 månader om sommaren, og fell sjeldan under -10 °C om vinteren. Lenger sør langs vestkysten, og på nordkysten av halvøya går temperaturane over 0 °C i berre 1-2 månader om sommaren, medan middeltemperaturen om vinteren er kring -15 °C. Kysten av Den antarktiske halvøya sør for 63 °S er generelt mykje kaldare med middeltemperaturar over 0 °C berre 0-1 månader om sommaren og vintertemperaturar frå –5 til –25 °C. Dei lågaste temperaturane finn ein i søraust, ved kysten av Weddellhavet.[6][7]

Det er store variasjonar i nedbørsmengdene på Den antarktiske halvøya. Frå tuppen av Den antarktiske halvøya sør til 68 grader sør kjem det kring 350 til 500 mm nedbør i året. Ein god del av dette kjem som regn om sommaren, men det er elles lite variasjonar frå årstid til årstid. Mellom 68 °S og 63 °S på vestkysten av Den antarktiske halvøya og langs nordkysten, kjem det 350 mm eller mindre i løpet av året, stundom som regn i den mildaste tida av året. Langs austkysten av Den antarktiske halvøya sør for 63 °S, er middelnedbøren 100-150 mm. Til samanlikning får dei subantarktiske øyane 1000-2000 mm nedbør i året, medan det indre av Antarktis i praksis er ein ørken med mindre enn 100 mm nedbør i året.[7]

Dyre- og planteliv[endre | endre wikiteksten]

Antarktisk pelssel var ein gong redusert til ein liten bestand på Sør-Georgia etter at han nesten vart jakta til utrydding, men har no kome attende til farvatna kring Den antarktiske halvøya.

Kysten av halvøya har det mildaste klimaet i Antarktis. Dei mose- og lavkledde steinane er snøfrie om sommaren, sjølv om vêret framleis er kaldt på sommartid og vekstsesongen særs kort. Plantelivet her i dag er stort sett mosar, lav og algar som er tilpassa det harde miljøet. Dei einaste to blomsterplantene i Antarktis, antarktisk hårgras (Deschampsia antarctica) og antarktisk perleurt (Colobanthus quitensis), finn ein nord og vest på Den antarktiske halvøya, i tillegg til på øyane utanfor halvøya, der klimaet er relativt mildt.[6][7][8]

Antarktisk kril finn ein havområda kring halvøya og resten av kontinentet. Krabbeetarsel lever det meste av livet sitt i dei same farvatna og livnærer seg på kril.

Dyrelivet i Antarktis lever av det dei finn i sjøen, ikkje på land, og omfattar sjøfugl, selar og pingvinar. Av selar finn ein leopardsel (Hydrurga leptonyx), weddellsel (Leptonychotes weddellii), den svære sørleg elefantsel (Mirounga leonina) og krabbeetarsel (Lobodon carcinophagus).[6]

Pingvinartar på halvøya, særleg ned tuppen av halvøya og dei kringliggande øyane, er mellom andre ringpingvin, keisarpingvin, bøylepingvin og adeliepingvin. Petermann Island har den sørlegaste kolonien med bøylepingvin i verda. Klippene på øya er ein av mange stader på og ved halvøya som er gode hekkestader. Pingvinane kjem attende år etter år og populasjonen kan nå meir enn ti tusen. Den mest vanlege pingvinarten på Den antarktiske halvøya er ringpingvin og bøylepingvin.[6][7][8]

Sjøfugl i Sørishavet og Vest-Antarktis som ein finn på halvøya er mellom andre havhest (Fulmarus glacialoides), kjempestormfugl (Macronectes giganteus), flekkpetrell (Daption capense), snøpetrell (Pagodroma nivea), wilsonstormsvale (Oceanites oceanicus), knoppskarv (Phalacrocorax atriceps), antarktisslirenebb (Chionis alba), den store sørjoen (Catharacta maccormicki), sørhavsjo (Catharacta lönnbergi), taremåse (Larus dominicanus) og sørhavsterne (Sterna vittata).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Stewart, J. (2011) Antarctic An Encyclopedia McFarland & Company Inc, New York. 1776 s. ISBN 978-0-7864-3590-6.
  2. 2,0 2,1 Scott, Keith (1993). The Australian Geographic book of Antarctica. Terrey Hills, New South Wales: Australian Geographic. ss. 114—118. ISBN 1-86276-010-1. 
  3. Thomson, Michael; Charles Swithinbank (1 August 1985). «The prospects for Antarctic Minerals». New Scientist (1467): 31–35. 
  4. «Operation IceBridge Returns to Antarctic». Earth Observatory. NASA. October 15, 2011. http://earthobservatory.nasa.gov/IOTD/view.php?id=76149. Henta 14. oktober 2012. 
  5. Tulloch, Coral (2003). Antarctica: Heart of the World. Sydney: ABC Books. ss. 40. ISBN 0-7333-0912-7. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Moss, S. (1988) Natural History of The Antarctic Peninsula Columbia University Press, New York, New York. 208 s. ISBN 978-0-231-06269-5
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 World Wildlife Fund and S. Draggan. (2009) Antarctic Peninsula. i C. J. Cleveland, ed., Encyclopedia of Earth. National Council for Science and the Environment, Washington, DC
  8. 8,0 8,1 World Wildlife Fund, C. M. Hogan, S. Draggan. (2011) Marielandia Antarctic tundra. in C. J. Cleveland, ed., Encyclopedia of Earth. National Council for Science and the Environment, Washington, DC

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den antarktiske halvøya

Koordinatar: 69°30′S 65°00′W