Parlamentarisk leiar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein parlamentarisk leiar er den valde leiaren for stortingsrepresentantane som høyrer til same politiske parti, og som har danna ei partigruppe, ei stortingsgruppeStortinget.

Parlamentarisk leiar blir vanlegvis vald etter eit stortingsval, når gruppene konstituerar seg, i praksis for resten av stortingsperioden. Det blir også vald parlamentarisk nestleiar, og medlemmer til eit gruppestyre.

Parlamentarisk leiar er eit svært viktig verv i eit politisk parti. Ofte vil vervet vere kombinert med verv som partileiar, eller nestleiar i det politiske partiet politikaren høyrer til.

Ein parlamentarisk leiar for eit parti som er i regjering, vil ha som oppgåve å syte for at kontakta mellom regjeringa og stortingsgruppa er god, at sakene i størst mogleg grad er avklara før dei blir sende til Stortinget, og at dei forslaga som regjeringa fremmer blir vedtekne. I så måte er det viktig om det er ei fleirtalsregjering, eller om det er ei mindretalsregjering. Viss det er ei mindretalsregjering så må den parlamentariske leiaren også forhandle med andre parti, for å få til fleirtalsvedtak i Stortinget.

Ein parlamentarisk leiar for eit parti som er i opposisjon vil vere den fremste talspersonen på Stortinget for partiet, og har hovudansvaret for å fremme partiet sitt syn på dei sakene som blir handsama i Stortinget, og for å fremme partiet sine forslag. Etter omstenda vil den parlamentariske leiaren også ha hovudansvar for å forhandle med regjeringspartia om konkrete saker, for at partiet skal få innflytelse på sakene.