Parliament Hill i London

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Parliament Hill («Parlamentsåsen») er eit parkområde i det nordvestlege London, ved Hampstead Heath. Det blir administrert av City of London Corporation, sjølv om det ligg i bydelen Camden. Åsen er omkring 98 meter høg, og det er god utsikt over London og området nord for byen.

Åsen vart tidlegare kalla Traitor's Hill («Forræderåsen»). Det noverande namnet vart gjeve under den engelske borgarkrigen, då troppane til parlamentet okkuperte han.

På folkemunne kallast delar av området Kite Hill («Drageåsen»), fordi mange drageflygarar samlar seg der.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]