Parma FC

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lagoppstillingane til Parma (kvite) og Royal Antwerp (raude) under finalen i Cupvinnarcupen 1993

Parma Football Club er ein fotballklubb i Parma i regionen Emilia-Romagna i Italia. Klubben, som spelar i Serie A, vart stifta i 1913 med namnet Verdi Foot Ball Club. I 1968 skifta klubben namn til Parmense, og rykte som Parma i 1990 opp i Serie A for aller fyrste gong.

Parma hadde si stordomstid i åra 1992-2002, då meieriet Parmalat brukte mykje pengar på klubben. I denne perioden vann klubben Cupvinnarcupen i 1993 og UEFA-cupen to gongar, 1995 og 1999. Parma vann også den nasjonale cupen, Coppa Italia, tre gongar (1992, 1999 og 2002). Derimot lukkast laget ikkje å verte italienske seriemeistrar, anedreplassen i 1997 er klubbens fremste prestasjon i Serie A. Etter at Parmalat gjekk konkurs i 2003 var Parma FC under administrasjon til januar 2007.

Klubben har sidan 1923 spela heimekampane på 27 906-sete store Stadio Ennio Tardini. Laget spelar i kvite drakter med ein svart kross på trøyene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!