Parmaskinke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Namnet «Parmaskinke» er beskytta geografisk på lik line med champagne.

Parmaskinke, eller Prosciutto di Parma, er ei tørka skinke av svin frå Parma i Italia.

Produksjonsprosessen til parmaskinka kan ta alt frå ni til atten månader, avhengig av kor stor skinka er. Først vert ho vaska, sidan vert ho salta i to månader. Etter saltinga vrt salta vaska ut i fleire vatn, før skinka vert hengd til tørk på ein solrik, luftig stad. Lufta er viktig for den endelege kvaliteten på skinka. Tørketida varierer etter klimaet og storleiken på skinka.

Vanlegvis vert parmaskinka servert crudo (rå, men tørka), skòre i papirtynne skiver, rulla rundt grissini (brødpinner) eller melon.

Parmaskinka er eit av fleire landbruksprodukt med opphavsrettvern for namnet (beskytta geografisk nemning, engelsk Protected designation of origin), etter ei EU-forordning om opphavsmerking som beskyttar namna på landbruksprodukt utifrå opphav, geografi og tradisjonelt særpreg.

Det er tre vidgjetne typar av parmaskinke som vert eksportere:

  • Prosciutto di Parma, frå Parma i Italia
  • San Daniele, frå Udine i Italia
  • Colli Berico-Euganei, frå Veneto-regionen

Andre geografisk beskytta parmaskinker har skilnader i farge, smak og konsistens:

  • Prosciutto di Carpegna (område nær Montefeltro)
  • Prosciutto di Modena
  • Prosciutto di Norcia
  • Prosciutto Toscano