Peggy Jones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peggy Jones

Fødd19. juli 1940
Død16. september 2015 (75 år)
OpphavUSA
Instrumentgitar
Verka somgitarist

Peggy Jones, gift Peggy Malone (19. juli 194016. september 2015) og med scenenamnet Lady Bo på grunn av forholdet sitt til Bo Diddley, var ein USA-amerikansk musikar. Ho var ein pioner innan rock and roll og spelte rytmegitar i bandet til Bo Diddley seint i 1950- og tidleg i 1960-åra, og vart ein av dei første (kanskje den første) kvinnelege rockegitaristen i eit kjent rockeband. Ho vart stundom kalla Queen Mother of Guitar, gitarens dronningmor.[1][2]

Peggy Jones spelte med Bo Diddley frå 1957 til 1961[2] eller 1963,[3] og spelte på singlar som «Hey! Bo Diddley», «Road Runner», «Bo Diddley's A Gunslinger», og den instrumentale «Aztec», som ho skreiv og spelte alle gitarpartia på.[1][2][3] Ho leia samstundeds sitt eige band, The Jewels.[4] Ho vart erstatta av ein annan kvinnelege gitarist, Norma-Jean Wofford («The Duchess»).[5]

Jones spelte gitar på Les Cooper-instrumentalen «Wiggle Wobble» i 1962 og perkusjon på hitten «San Franciscan Nights» av Eric Burdon and The Animals i 1967[3] og andre innspelingar[6] og akkompagnerte seinare James Brown and Sam & Dave.[1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

År Album Artist Rolle
2011 Have Guitar Will Travel/ In the Spotlight

(nyutgjeving)

Bo Diddley gitar, vokal
2008 Gold Bo Diddley gitar, vokal, korvokal
2008 Party in Lyceums Toilets Awaken komponist
2007 I'm a Man Bo Diddley gitar, vokal, korvokal
1997 His Best Bo Diddley gitar, vokal, korvokal
1997 The Chess Blues-Rock Songbook : The

Classic Originals

forskjellige artistar gitar, vokal, korvokal
1994 Chess Rhythm & Roll forskjellige artistar gitar
1993 Bo' s Blues Bo Diddley gitar, vokal
1991 Voluntown J.P Jones leiande produsent
1979 Masterjam Rufus & Chaka Khan composer
1961 Bo Diddley Bo Diddley gitar, vokal, korvokal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Lady Bo». Ponderosa Stomp website. Henta March 5, 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Sound Check (July 18, 2011). «Lady Bo, The Queen Mother of Gitar». Afropunk. Henta March 5, 2015. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Huey, Steve. Peggy JonesAllmusic. Henta March 2015.
  4. «Lady Bo "Mother of Rock" Dies at 75 Years Old». She Shreds Mag. Henta 11. juli 2017. 
  5. Baine, Wallace. «Remembrance: The Legend of Lady Bo». Santa Cruz Sentinel. Henta 12. oktober 2015. 
  6. «BO DIDDLEY - The Originator - A Celebration of his unique contribution to Popular Music. LADY BO - A Tribute - «She Is The Only One Who Knows The Original Ways...»». Lady Bo website. Henta March 6, 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]