Perestrojka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Perestrojka (перестро́йка) er det russiske ordet for dei økonomiske reformne som vart innført i juni 1987 av leiaren i Sovjetunionen, Mikhail Gorbatsjov. Ordet vert ofte omsett til norsk som omstrukturering, og viser til Gorbatsjov sine planar om å omstrukturere eller delvis liberalisere det økonomiske systemet i Sovjetunionen. Perestrojka vert sett i samanheng med glasnost (openheit), som er det første av dei to hovudmåla Gorbatsjov sette fram for sin periode som leiar av Sovjetunionen, og som det vert hevda er ein av hovudårsakene til at unionen braut saman.

Mange sosialistar og kommunistar har kritisert perestrojka for å vere i strid med den sosialistiske og kommunistiske ideologien.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.