Perihelargument

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Perihelargumentet er eit av baneelementa som beskriv ein lekam i bane rundt sola, som til dømes ein planet. Det er vinkelen mellom oppstigande knute og perihel, målt i baneplanet. Å leggje han til lengda til oppstigande knute gir lengdegraden til perihel til lekamen i banen hans om sola.

Eit perihelargument på 0° tyder at lekamen vil vere i perihel akkurat når han kryssar ekliptikken frå sør til nord. Eit perihelargument på 90° tyder at lekamen vil vere i perihel akkurat når han er lengst nord for ekliptikken.

Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.