Peter Birmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn frå Isteiner Klotz oppover Rhinen mot Basel, ca 1830

Peter Birmann (24. desember 175818. juli 1844) var ein sveitsisk kunstmålar, far til målaren Samuel Birmann.

Birmann var fødd i Basel, der faren var steinhoggar. Han var i yngre år lærling hos far sin. Frå 1771 gjekk han i lære hos fleire sveitsiske kunstnarar, der i mellom August Kaufmann, Wocher Marquard og Johann Ludwig Aberli. Frå 1781 til 1790 budde Birmann i Roma og var tilsett hos Louis Ducros og Giovanni Volpato. Under opphaldet vart han kjent med Johann Wolfgang Goethe. År 1791 opna han sin eigen verkstad i Basel. Ved sidan av sitt arbeid som målar, tok han unge kunstnarar i lære, som til dømes Achilles Benz og Hieronymus Hess.

Han døydde i heimbyen i 1844.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]