Pidie Jaya-distriktet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pidie Jaya er eit distrikt i Aceh-regionen, heilt nord på Sumatra i Indonesia. Distriktet dekkjer eit areal på 1.073,6 km² og hadde ein folkesetnad på omlag 140.000 (2014).[treng kjelde]

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Pidie Jaya er utsett for jordskjelv. Den 7. desember 2016 vart distriktet utsett for eit skjelv med styrke 6,4 på Richterskalaen[1]. Episenteret låg omlag 10 km nord for byen Reuleut, på ei djupn på ca. 17 km.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kalajdzic , P., 54 døde etter kraftig jordskjelv i Indonesia, nrk.no, 7/12-2016.
Spire Denne geografiartikkelen som har med Indonesia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.