Plantedelen lauk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå lauk (fleirtyding).
Heile og oppskorne laukar av Scilla siberica

Plantedelen lauk er ein fortjukka stand av underjordiske blad eller grunnblad nedst på stengelen til laukplantar. Det er plantar i ordenen Asparagales, fordelt på fire familiar, som har laukar. Grunnblada (eller bladstendene) som utgjer lauken er tettsitjande lagdelte og samanvaksne til ein opprett, spiss knoll. Laukblada er kjøtfulle og inneheld både frø og lagra næring, i tillegg til å verna den framveksande spira. Planten har lauk gjennom heile levetida.

Lauk må ikkje forvekslast med stengelknollar eller pålerøter. Nokre artar i orkidéfamilien har ein type overjordiske pseudo-laukar som heller ikkje må forvekslast med lauk.

Laukar føretrekk ofte ei kald overvintring der lauken er i dvale, og dette er grunnen til at ein som regel plantar ut laukar om hausten. Det finst unntak frå denne regelen ved artar som ikkje toler frostfull laukovervintring, til dømes Amaryllis belladonna.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Plantedelen lauk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]