Lauv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lauv og nøtter frå eit eiketre.
Ei av dei ørsmå spalteopningane i eit tomatblad synt som eit fargelagt fotografi frå eit elektronmikroskop.

Lauv, lauvsblad eller lauvblad er i botanisk meinig dei flate og meir eller mindre tynne blada på lauvtre, buskar eller planter.

Farge og funksjonar[endre | endre wikiteksten]

Lauvet er som oftast grønt av di fargen i det dominerast av kloroplastar som syter for fotosyntesen, det vil seie den prosessen som som går føre seg i lauvet ved at energien i solljoset nyttast til å produsere glukose av vatn og karbondioksid. Lauvet fungerer òg som hovudorgan for fordampinga av vatn og utvekslinga av gassar frå plantene eller trea til lufta ikring. Lauvet har ørsmå, usynlege opningar i seg, spalteopningar, som det vanlegvis finst flest av på undersida, og som er slik tillaga at dei opnast og lukkast ved hjelp av det indre væsketrykket ettersom kor mykje fukt det er i lufta kring treet eller planta, rørslene i vatnet i treet eller planta og kor mykje vatn treet eller planta kan take opp frå jorda. Det tek om lag 15 minutt å opne eller lukke spalteopningane. Fordampinga av vatn frå lauvet er nyttig av di dette held spalteopningane opne, slik at lauvet kan take inn den mengda av karbondioksid frå lufta som trengst for å halde fotosyntesen i gang.

Eit lauv eller lauvblad har ei bladplate som er festa til stengelen på planta eller kvisten på treet ved hjelp av bladstilken og bladfoten, den nedste parten av bladstilken. Hjå gras og skjermplantane er bladfoten forma som eit slags hylster, ei slire, og hjå vier og erteplantar som små bi-blad, kalla øyreblad. Bladplata er vanlegvis flat og tynn, og kan vere lik på båe sider, såkalla isolaterale blad, som til dømes hjå gras og liljer, eller over- og undersida kan vere ulike, såkalla dorsiventrale blad, som på dei fleste tofrøblada plantene.

Mange tre og planter feller lauvet og går inn i ei kvileperiode ei tid av året, i til dømes i Noreg i haust- og vintertida, då det ikkje er nok ljos, vatn og varme til å halde prosessane i trea eller plantene i gang på optimalt vis. Nytt lauv veks deretter ut att når tilhøva har vorte gunstigare, i Noreg om våren eller tidleg på sommaren.

Blad som ikkje er lauv[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til lauvet har tre og plantar òg andre former for blad, ofte i andre fargar enn grønt. Desse ymse typane blad har spesialiserte funksjonar og er gjerne svært omdanna, og vert difor ikkje rekna som lauv, men har sine eigne nemningar. Døme på dette er bladtorner, lågblad (ufullstendig utvikla, skjellforma blad på knoppar eller på underjordiske rotstenglar), høgblad, blomeblad (kron- og begerblada på blomar), fruktblad (blad som ber frøemna i blomene), pollenblad (mjølberar eller støvberar, som produserer og ber pollen, blomemjøl, altså sædcellene), eller frøblad (dei aller fyrste blada som gror ut av frøa til frøplantane).

Anna bruk av ordet lauv[endre | endre wikiteksten]

Ordet lauv vert òg nytta om ornament og vedheng som er kjenneteikna ved å vere forma som eit slags lauv, til dømes på søljer og andre smykke.