Pleokroisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pleokroisme i cordieritt

Pleokroisme er eigenskapen hos ein ikkje regelbunden krystallstruktur (oftast kalla edelsteinar) til å bryte lys ulikt, avhengig av synsvinkelen. Dette inneber at krystallstrukturen skiftar i mange ulike fargar og eventuelt òg i fargeintensitet og nyanse, fordi berre lys med somme fargar slepp gjennom krystallen. Fargen avheng av innfallsretninga og polarisasjonsretninga til lyset i tilhøve til dei optiske aksane til krystallen. Alle naturlege edelsteinar som syner pleokroisme er dobbeltbrytande, noko som inneber at ei lysstråle blir brote i to stråler ved gjennomlysing. Om lyset som har sloppe gjennom vert studert med ein polarisator stilt først parallelt med og så vinkelrett på ein optisk akse, som òg er vinkelrett på stråleretninga, ser ein to ulike fargar.

Med eit dikroskop kan ein tydeleg fastslå pleokroisme.

Ved optisk toaksa krystall får ein, når lyset sendast i ei anna retning, fram ein av dei same og ein ny farge, i alt tre ulike fargar, trikroisme, medan ein ved einaksa krystall berre får fram to fargar, dikroisme. Pleokroisme er samleomgrepet for dikroisme og trikroisme.

Det er eit viktig hjelpemiddel når ein skal avgjere krystall.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]