Plura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Plura er eit vassdrag i Rana kommune. Namnet har truleg samanheng med verbet «prula» som tyder koke, syde.

Vassdraget har sine kjelder i fjelltraktene ved svenskegrensa. Elva renn frå Kaldvatnet (sørsamisk Gállajávri), og ned gjennom Plurdalen. Øvst i Plurdalen, ved garden Jordbrua, renn elva halvannan kilometer under jorda, gjennom Jordbrugrotta som munnar ut i Trollkjerka. Plura passerer garden Plurheia (og skrive Pruglhei) før ho renn ut i Ranelva 10 km nordaust for Mo i Rana.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

Kartblad 2027 II, III og IV i kartserie M711.