Rana kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rana kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1833
Fylke Nordland
Adm.senter Mo i Rana
Areal 4 463 km²
Folkemengd 25 752 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-2015) Kai Henriksen (H)
Målform Nøytral
Nettstad www.rana.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1833.svg
Rana kommune på Commons

Rana er ein kommune i Nordland fylke. Administrasjonssenteret er Mo. Det norrøne namnet var Radund som truleg har samanheng med adjektivet «radr» som tyder rask, snøgg.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Rana kommune er Noregs fjerde største kommune i utstrekning og den tredje største i Nord-Noreg i høve innbyggartal. I sør grensar Rana til Hemnes og Leirfjord kommune, i aust til Storuman og Sorsele kommuner i Sverige, i vest til Rødøy, Meløy og Nesna kommune, og i nord til Saltdal og Beiarn kommune. Rana er prega av store fjellområde og mange dalføre. Store delar av Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark ligg i Rana kommune. Ranelva som munnar ut ved Selfors følgjer Dunderlandsdalen nordaustover gjennom ein stor del av kommunen. I sidedalen Røvassdalen ligg fleire kjende kalksteinsgrotter. Grønligrotta og Sætergrotta er opne for publikum.

Andre vassdrag, innsjøer og fjorder[endre | endre wikiteksten]

Tettstader i Rana[endre | endre wikiteksten]

Forstader til Mo[endre | endre wikiteksten]

Bygder og grender[endre | endre wikiteksten]

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Ranasamfunnet har i lang tid vore prega av bergverksdrift og industri. Nord i kommunen, ved svenskegrensa ligg Nasa sølvgruver (nedl.). Ved Storforsheia har Dunderland Iron Ore Company (mellom 1902 og 1947) og Rana Gruber (frå 1937) drive ut malm. Denne malmen vart ein periode nytta i produksjonen til Norsk Jernverk på Mo, men blir no skipa ut. I dag har Mo industripark (MIP)tilhald i dei gamle lokala til Norsk Jernverk. Det finske firmaet Ruukki driv i dag med stålproduksjon her. Mo var frå gamalt av marknadsplass, og på 1800-talet etablerte L. A. Meyer seg som kjøpmann på Mo. I dag er Mo det største handelssentrum på Helgeland. Rana har store skogressursar og ein del landbruk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dialekt[endre | endre wikiteksten]

Dialekten i Rana, ranværing, har både vestnorske og austnorske språktrekk. Tradisjonell ranværing har til dømes kløyvd infinitiv (austnorsk trekk). Gamle jamnvektsord har i hovudsak a-ending (å vara, å søva, å løva), medan overvektsord er apokoperte: å hiv, å skriv, å bit. Unntak er verbstammer som endar på -j: å herje, å belje, å hesje, å delje. I bymålet (dialekta på Mo og omegn) og hos ungdom finst desse dialektmerka mest ikkje lenger. Ranværing har tjukk l av norrøn rd og l. Personleg pronomen 1. person eintal er eg, nektingsadverb er ikkje eller ittje (unge menneske seier ofte ikke).

Kjende ranværingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Systerprosjekt[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rana kommune

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.