Pluton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Romersk kopi av ei gresk byste av Pluton. Kappa er lagt til seinare.

Pluton (gresk Πλούτων, Ploutōn) er eit namn på dødsguden i gresk mytologi som også er kjend under namnet til dødsriket som han herska over, Hades. På latin blei namnet hans skrive Pluto. Romersk mytologi identifiserte han også med Dis [Pater] og Orcus. I moderne tid har guden gjeve namn til grunnstoffet plutonium og dvergplaneten Pluto.

Pluto og Proserpina. Illustrasjon frå 1703.

Pluton var kjend som ein skremmeleg og strid gud. Den beste kjende soga om han er korleis han bortførte kona si, Persefone (latin Proserpina), dottera til grødegudinna. Dette paret kunne gje grøde og rikdom.

Namnet til rikdomsguden Plutos kan lett forvekslast med Pluton, særleg ettersom Pluton òg blei knytt til rikdom.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pluton

Kjelder[endre | endre wikiteksten]