Gresk mytologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gresk mytologi er forteljingane om greske gudar, heltar og monster. Mytologien har mange trekk til felles med andre indoeuropeiske tradisjonar, men òg sine særtrekk. Han har mellom anna ei rekkje tragediar, der menneske som set seg opp mellom skjebnen eller gudane til slutt opplever sorg og fortaping.

Den greske mytolgien har inspirert eit utal kunstnarar, både i si eiga tid og seinare. Ei rekkje greske skaldar, med Homer i spissen, har fortald legendene i song og rim. Romerske diktarar, som Ovid, fortsette med same tema, og det gjorde òg seinare europeiske diktarar og komponistar.

Skikkelsar frå mytologien dukkar opp på greske vasar og fresker, og som naturtru greske statuar, som seinare romerske, italienske og andre europeiske bilethoggararar skulle gjera sitt beste for å kopiera.

Dei greske gudane[endre | endre wikiteksten]

Krigsgudinna Atene.

Dei greske gudane me kjenner best er dei olympiske gudane: Zevs, Hera, Poseidon, Ares, Hermes, Hefaistos, Afrodite, Atene, Apollon og Artemis, med Hestia, Demeter, Dionysos og Hades nokre gonger medrekna. Det fanst òg andre gudar som hadde sine inderlege tilbedarar visse stader i det gamle Hellas, og gudar som ikkje blei tilbedne noko særleg, ettersom dei berre var personleggjeringa av ei naturkraft eller ein eigenskap: Jorda Gaia, himmelen Uranos, havet Okean og natta Nyx er døme på dette.

Dei greske gudane føyer seg fint inn i den større indoeuropeiske gudeslekta, som mellom anna omfattar dei norrøne og dei vediske gudane. Etter kvart som Romarriket voks til, såg romarane sambandet mellom si eiga gudelære og den greske, og tok til seg mange forteljingar og nokre gudar frå grekarane.

Dei greske heltane[endre | endre wikiteksten]

Herakles nedkjemper Hydra.

Heltar var menneske eller halvgudar - ungar til gudar og menneske - som gjorde store dådar, og anten blei belønna eller straffa for det. Herakles er truleg den største av dei, kjend for tolv stordådar. Orfevs var ein helt innan musikken, medan Prometevs var ein mann som røpte løyndene til gudane, og blei hardt straffa.

Svært viktig i mange av dei greske legendene var skjebnen. Dersom eit orakel spådde at noko ville skje, måtte det gå slik, same kva menneska prøvde å gjera for å stoppa det. Ødipus er ein kjend tragisk figur dette hende med, ein annan er Tessevs.

Overnaturlege vesen[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til gudar og menneske fanst ei rekkje vesen av ulik karakter i den greske mytologiske verda. Dei fleste tinga i naturen hadde personlegdommar, som dryader i trea og najader i vatn. Det fanst mange vesen som var sett saman av ulike verkelege vesen, som kentaurar og faunar. Ein hadde vidunderlege vesen, som Pegasus, og forferdelege monster, som Medusa og minotaurosen.