Pokritija most

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pokritija most
Transporterer Fotgjengarar
Kryssar Elva Osam
Stad Lovetsj i Bulgaria
Utforming Overbygd bru
Total lengd 106 m
Opna 1874, rekonstruert 1981-1982

Pokritija most (Покрития мост) er ei overbygd bru ved byen Lovetsj i Bulgaria. Brua kryssar elva Osam, og knyter saman den gamle (Varosja) og den nye delen av Lovetsj, og er kanskje det mest kjende landemerke i byen.

I 1872 vart den gamle brua over elva nesten heilt øydelagd av ein flaum i, og den lokale politisjefen gav ordre om at den vidkjende bulgarske byggjemeisteren Kolju Fitsjeto skulle byggje ei ny bru. Fitsjeto valde personleg materiale for trebrua, og alle innbyggjarane i Lovetsj medverka i byggeprosessen. Dei fattigare arbeida, medan dei rikare donerte pengar og betalte arbeidarane. Brua stod ferdig ferdig i 1874.

Pokritija most

Den opphavlege brua hadde ei lengd på 84 meter og husa 64 butikkar. Ho vart derimot fullstendig øydelagd av ein brann natt til 3. august 1925. Ei meir moderne bru vart konstruert i 1931, men denne vart bytta ut med ein rekonstruksjon av Kolju Fitsjeto sitt design i 1981-1982. Den noverande brua er 106 meter lang og har 14 butikkar. Arktitekten bak denne brua var Zlatev.