Pol Pot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pol Pot

Fødd19. mai 1925
Prek Sbauv
Død15. april 1998 (72 år)
Statsborgar avFransk Indokina, Kingdom of Cambodia, Khmer Republic, Demokratisk Kampuchea, Folkerepublikken Kampuchea, State of Cambodia, Kambodsja
Yrkepolitikar, offiser
Utdanna vedEFREI Paris
Lycee Sisowath
FarSaloth Phem
EktefelleKhieu Ponnary
Alle verv
  • Kambodsjas statsminister (1976–1979)
  • General Secretary of the Communist Party of Kampuchea (1963–1981) Sjå dette på Wikidata

Pol Pot (19. mai 192815. april 1998), eigentleg Saloth Sar og også kalla «bror nr. 1» og «kamerat Pol», var leiar av Raude Khmer og statsminister i Kambodsja (offisielt Demokratisk Kampuchea under hans diktatur) frå 1976 til 1979.

Pol Pot tok makta som statsminister den 13. mai 1976 og innleidde eit blodig styre, der svært mange menneske vart drepne. Estimata over talet på drepne i dette folkemordet varierer mellom 1,5 og 2,3 millionar, av ei befolkning på 8 millionar. Eit svært høgt prosenttal.

Spesielt vart buddhistiske munkar, vestleg utdanna intellektuelle, personar som let til å vere intelligente (f.eks. personar med briller), personar med fysiske handikap og etniske minoritetar utrydda. Ideologien var ein slags maoisme, der bøndene av khmer-folket vart oppfatta som det einaste sunne elementet i landet, medan byane var dekadente og langt på veg skulle tømmast for folk.

Pol Pot vart avsett 7. januar 1979 av den vietnamesiske hæren, men heldt fram med å føre geriljakrig mot den nye regjeringa til han vart arrestert i 1981, med støtte frå mellom anna Thailand, USA og Kina. Med støtte frå Kina og vestlege land kunne Pol Pot sitt regime òg halde på plassen sin i FN, og representere det kambodsjanske folket der. Dei fleste av geriljasoldatane hans la ned våpna eller gjekk over til regjeringssida i 1996. Minene Pol Pot sine geriljasoldatar la ut, tar framleis livet av folk i landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]