Kambodsja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Preahreacheanachakr Kampuchea

(norsk: Kambodsja, kambodsjansk)

Det kambodsjanske flagget
Flagg
Nasjonalsong «Nokoreach»
Motto Nasjon, religion, konge
Geografisk plassering av Kambodsja
Offisielle språk Khmer
Hovudstad Phnom Penh
Styresett
Monarki
Norodom Sihamoni
Hun Sen
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
181 035 km² (89.)
2,5 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
14 952 665 (67.)
82,6 /km² (95.)
Sjølvstende
 - Dato
Frå Frankrike
9. november 1953
Nasjonaldag 9. november
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
30 130 mill. USD (106.)
2 000 USD (157.)
Valuta Kambodsjansk riel
Tidssone UTC +7
Telefonkode +855
Toppnivådomene .kh


Kambodsja er eit kongedøme i Søraust-Asia som grensar til Thailand mot vest, Laos mot nord og Vietnam mot aust. I sørvest har det kystline mot Siambukta. Hovudstaden er Phnom Penh, med rundt 1 million innbyggjarar. Heile landet har om lag 12 millionar innbyggjarar (2000).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Kambodsja

Landet er prega av Mekongelva, som på khmer blir kalla Tonle Thom, 'den store elva', og av Tonle Sap ('ferskvatnelva'), ei viktig fiskeelv.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Monsunen gjev ein god del nedbør mellom mai og september eller oktober. Ein har eit lite høgdedrag i sørvest, og sidene som vender mot Siambukta har kraftig nedbør. Den tørre perioden varer frå desember til april, og er varm med mykje sol. I regntida er det meir skyer, høgare fukt, og vêret er lummert og trykkjande. Temperaturane held seg ganske høge året rundt i låglandet. Phnom Penh har ein årleg nedbørsnormal på 1407 mm.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste kambodsjanarar er khmerfolk som høyrer til theravada-buddhismen. Landet har òg fleire nasjonale minoritetar der den viktigaste er chamfolk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Landet kan trekkja liner tilbake til Keisardømet Khmer, som herska over store delar av den indokinesiske halvøya frå 1000- til 1300-talet. Den gamle hovudstaden Angkor med tempelkomplekset Angkor Wat er mektige minne om denne tida.

Under kolonitida var Kambodsja, som Khmer-riket, eit fransk protektorat og ein del av føderasjonen Indokina. Landet fekk sjølvstende i 1953.

1950- og 60-talet heldt landet under kong Norodom Sihanouk seg nøytralt under store delar av Vietnamkrigen i nabolandet. Frå 1969 utførte amerikanske bombefly hemmelege åtak på det dei hevda var kommunistiske leirar i landet, slik at 30 000–500 000 sivile blei drepne. Amerikanske styrkar stod òg for ein kortvarig invasjon i 1970.

Indre motsetnader førte til ein borgarkrig1970- og 80-talet. Det forhatte monarkiet blei bytta ut med eit katastrofalt regime leidd av Raude Khmer, som brukte element av kommunistisk tankegods til å forfølgja og drepa svært mange kambodsjanarar.

Medan flyktningar strøymde inn i Thailand blei landet invadert av Vietnam i desember 1978. Raude Khmer-styret blei framleis støtta av USA, og heldt mellom anna på plassen til Kambodsja i SN. Etter kvart stabiliserte situasjonen i landet seg likevel.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Kongen i landet, Norodom Sihamoni, blei utnemnd av eit råd den 14. oktober 2004 etter at far hans, Norodom Sihanouk, abdiserte.

Statsministeren i Kambodsja heiter Hun Sen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]