Polsk riksdag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Polsk riksdag er ei nemning på ei styresmakt eller nasjonalforsamling der det er tilnærma umogleg å gjera vedtak. I den polsk-litauiske realunionen kunne eit kvart medlem av parlamentet Sejmen setja fram eit liberum veto. Om eit slikt veto vart sett fram, måtte parlamentet oppløysast. Alle lover og vedtak parlamentet hadde gjort vart oppheva.