Portia Simpson-Miller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portia Simpson-Miller
Foto: Agência Brasil/PR

Portia Simpson-Miller (fødd 12. desember 1945) er ein jamaicansk politikar som var statsministerJamaica frå 30. mars 2006 til 11. september 2007 og igjen frå 5. januar 2012. Ho var den fyrste kvinnelege statsministeren i landet.

Portia Simpson-Miller blei parlamentsmedlem for People's National Party i 1976. Ho blei vald til leiar av partiet i februar 2006. Ho har også hatt fleire statsrådpostar.

Simpson-Miller har ei Bachelor of Arts-grad i offentleg forvalting frå Union Institute & University i Ohio. Ho er seinare blitt tildelt eit æresdoktorat ved Union Institute.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.