Jamaica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Jamaica

(norsk: Jamaica, jamaikansk)

Det jamaikanske flagget Det jamaikanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Jamaica, Land We Love»
Motto Engelsk: Out of Many One People (Av mange, eitt folk
Geografisk plassering av Jamaica
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Kingston
Styresett
Konstitusjonelt monarki
Elisabeth II
Patrick Allen
Portia Simpson Miller
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
10 991 km² (162.)
1,5 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Folketeljing
 – Tettleik
 
2 889 187 (138.)
2 607 632
262,9 /km² (32.)
Sjølvstende
gjeve
Frå Den vestindiske føderasjonen og Storbritannia
6. august 1962
Nasjonaldag Første mandag i august
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
23 930 mill. USD (114.)
8 400 USD (97.)
Valuta Jamaikansk dollar
Tidssone UTC -5
Telefonkode +1-876
Toppnivådomene .jm


Jamaica er eit øyrike i det karibiske havet som ligg like sør for Cuba og vest for Hispaniola, øya delt av Haiti og Den dominikanske republikken. Øya var britisk koloni frå 1665 til 1962, og er i dag med i det britiske samveldet. Øya er kjend for å ha gjeve opphav til rastafarianismen, og til musikkstilane reggae og ska.

Kart over Jamaica

Klima[endre | endre wikiteksten]

Jamaica har eit tropisk klima på kysten og i låglandet, men meir temperert klima i høgda. I låglandet er årsmiddeltemperaturen 26-27 °C, og denne endrar seg lite gjennom året. I høgareliggande område er temperaturen og luftfukta lågare. Kinsgston har kring 25 °C i middel i januar og februar og 29 °C i august.

Nedbørstilhøva er prega av topografien på øya. Låglandet i sør ligg i regnskuggen for fjella og får 750-1500 mm i året. Mest nedbør kjem det her om sommaren. Nord- og austvendte fjellskråningar kan få opptil 5000 mm nedbør i året i samband med dei nordaustlege vindane om vinteren og våren. Frå august dominerer austlege og søraustlege vindar, men tropiske stormar kan i denne perioden medføre store øydeleggingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Jamaica» på Wikipedia på bokmål/riksmål.