Potettrykk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kinesiske skriftteikn skorne ut i potet og påført maling til bruk som stempel for potettrykk.

Potettrykk er ein enkel trykketeknikk der ein bruker poteter til å påføra mønster på ein flate. For å trykka skjer ein ut eit mønster i snittflaten av ei halv potet. Deretter dekker ein flata med måling og bruker han som stempelpapir.

Stofftrykk på lerretspose. Mønsteret er påført med potettrykk og vassfast tekstilfarge.

Potettrykk er enkelt og billig å lage, men den utskorne poteta blir fort sliten. Trykkresultatet blir vanlegvis grovare og meir unøyaktig enn når ein bruker trykkplater og stempel av sterkare og fastare material. Teknikken blir ofte brukt som formingsaktivitet for ungar.

Potettrykk tilsvarar blokktrykk, tresnitt, linoleumssnitt og andre grafiske høgtrykksteknikkar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]