Potet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Potet


Poteter i ulike fargar
Poteter i ulike fargar

Systematikk
Rike: Plantar
Rekkje: Karplantar
Klasse: Tofrøblada plantar
Orden: Solanales
Familie: Søtvierfamilien
Slekt: Søtvier
Art: S. tuberosum
Vitskapleg namn
Solanum tuberosum

Potet eller jordeple (Solanum tuberosum) er ei rotfrukt som speler ein viktig rolle innan matlaging og andre bruksområde i store delar av verda. Planten er ein del av slekta søtvier i søtvierfamilien. Han kjem opphavleg frå eit lite område i Andesfjella, men er så hardfør og matnyttig at han er blitt spreidd vidt utover kloden.

Potetplante.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Potetblomar

Potetplanten har lange, lysegrøne stenglar som kan nå ein høgd på over ein meter, med stengelskot som kan bli fleire meter lange. Blada er mørkare, hjarteforma og dekte av små hår. Planten har klokkeforma blomar som kan vera kvite, lilla, gule eller rosa. Frukta deira liknar ein liten grøn tomat og inneheld rundt tre hundre frø. Alt som veks over jorda, men særleg frukta, inneheld giftstoffet solanin og er dermed giftig. Poteter bør lagrast mørkt for å unngå at dei reagerer med lys og blir giftige. Når potetene blir grøne, er dette eit teikn på høgt solanininnhald, og dei grøne delane lyt dermed skjerast bort for å unngå solaninforgifting.

Sjølve potetene er rotknollar som me finn under jorda. Ei rot har gjerne mellom tre og tjue slike knollar i ulike storleikar. Kvar knoll har eit tynt skal der mange næringsstoff er lagra, og eit stiverikt indre som lagrar energi.

Poteta er blitt foredla til ulike sortar, og finst i mange ulike former, fargar og konsistensar. Det finst ovale og runde poteter, typar som blir store og klumpete og andre som er lange og tynne. Ein kan få poteter som er brune, gule, raude, rosa og lilla utanpå, og same farge, eller kvite, inni. Nokre potettypar held på forma si når dei vert kokte eller bakte medan andre lett løyser seg opp. Det er òg forskjell på kor store potetknollane normalt blir, kor fort dei veks, og kor lang tid dei treng for å kokast.

Nokre potetslag[endre | endre wikiteksten]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lilla poteter frå Peru.

Den ville poteta veks høgt oppe i dei vêrharde Andesfjella, og finst i meir enn 225 ulike artar. Urfolka som budde i området byrja å dyrka og eta grønsaka, truleg rundt 3000 år f.Kr. Dei foredla potetplanten til ulike typar, mellom anna ein som tolte frost. Sidan det var den einaste veksten dei kunne dyrka så høgt i fjella, tilbad dei poteta som ein gud.

Potetplanten skildra i 1591.

spanjolane invaderte Sør-Amerika fann dei fort ut at poteta kunne gje billig og næringsrik kost, i alle fall for simple sjøfolk. Ho kom først til Europa i 1540, men her var folk skeptiske til den nye grønsaka. Som med tomaten meinte ein at ho var giftig, medan andre forkasta henne som smaklaus. Andre igjen hevda at ein plante som ikkje var nemnd i Bibelen og hovudsakleg voks under jorda måtte vera djevleskapt.

Men med ulike middel — ein franskmann som dyrka henne ved Versailles, «potetprestar» som preika om kor god ho var, eller kongelege dekret som påla bønder å dyrka henne — spreidde ho seg, og blei særleg mykje brukt i fattige land som Irland og Noreg. Første gongen ein finn det er skrive om potet i Noreg, er i ei hagebok, Horticultura av Christin Gartnar, i Trondheim. Det var i 1694.

Første sikre opplysning om potetdyrking i Noreg er frå 1750-talet. I 1763 kom første læreboka i potetdyrking. Sokneprest i Finnås, Sunnhordland, Peder Harboe Hertzberg skreiv: Underretning for Bønder i Norge, om den meget nyttige JordFrugt Potatoes at plante og bruge.

Poteta er no ein av dei viktigaste grønsakene i både Europa og Amerika.

Plager[endre | endre wikiteksten]

Potetbillelarvar et av blada til planten.

Som alle andre storavlingar er potetplanten utsett for skadedyr og sjukdom. Særleg kjend er potetpesten, ein tørròte som spreidde seg gjennom Europa i 1840-åra. Han øydela avlinga i fleire land, men slo verst ut i Irland, der ein stort sett dyrka ein potettype som var hovudmaten for folket der. Pesten førte til hungersnaud i landet. Nesten ein million irar døydde, og fleire millionar emigrerte til Amerika.

Bruk av potet[endre | endre wikiteksten]

Fylt potet frå Peru.

Poteta er mest brukt til mat for menneske, men kan og bli til dyrefôr, potetmjøl, stivelse, dextrin eller alkohol.

Ukokt potet er for stiverik til å vera næringsrik, men dersom ho blir varma opp blir mykje av stiven brote ned til sukker.

Poteter kan steikast, bakast og kokast, med eller utan skinnet. Velkjende potetrettar er potetstappe, raspeballar, frityrsteikte potetstrimler (pommes frites) og flak (chips). Ein kan òg bruka dei i potetpannekaker og potetsalat. Ettersom dei har ein svært mild smak kan ein tilsetja dei fleste typar urter og krydder til potetrettar.

Næringsinnhald[endre | endre wikiteksten]

Skylde og delvis oppskorne poteter.

Størstedelen av potetene er karbohydratar, men dei inneheld òg protein og mineral, som jern, kalsium og kalium. Det meste av desse nyttige næringsstoffa sit i skalet. Rotfrukta har òg fleire vitamin, som B- og C-vitamin. Nyhausta poteter inneheld meir C-vitamin enn dei som er blitt lagra.

Potetene inneheld òg giftige glykoalkaloidar, særleg solanin og chakonin. Det er meir av desse om poteta er gammal eller har vore utsett for lys. Poteter som har vore i lyset blir òg grøne, noko som blir brukt som rettesnor for å unngå å eta for mykje gift. Høg temperatur (over 170 C) bryt ned mykje av giftstoffa.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Eit lass poteter.

Ordet potet kom til norsk via engelsk potato, frå spansk patata, som igjen fekk ordet frå taino batata. Det ordet opphavleg skildra var søtpotet, som liknar poteta i utsjånad, sjølv om smaken er forskjellig og dei to ikkje er i slekt.

Grønsaka vert av og til kalla jordeple eller berre eple i Noreg, som i fransk pomme de terre, og kan kallast jordpäron ('jordpærer') i Sverige. Det danske ordet kartoffel kjem frå italiensk tartufolo, som tyder 'trøffel'. Dette skal koma frå misforståinga til ein tunghøyrd pave som smakte poteta for første gong.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Potatis i Norden.CAL-förlaget AB, Varberg/Nordiska Genbanken, Alnarp, 2001. ISBN 91-973990-1-9. ISSN 1100-3456.
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Potet