Preludium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Preludium (tyder forspel) og er eit kort musikkstykke og forma kan variere frå stykke til stykke.[1][2] I barokken vart til dømes eit preludium nytta som innleiinga til eit verk som vanlegvis var langt og komplekst, men i romantikken vart det òg nytta som musikkstykke aleine. Det består generelt av nokre få rytmiske og melodiske tema som går igjen gjennom stykket. Stilmessig er preludia ofte imporiviserande. Preludium kan òg vise til ein ouverture, særleg i samband med ein opera eller eit oratorium.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]