Presens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Presens, «notid», er eit grammatisk trekk i den grammatiske kategorien tempus. Grunnfunksjonen til presens er å markere eit referansepunkt samtidig med talehandlinga, som i setningane

  1. Per søv
  2. Per har sove

I den første setninga skjer sovinga samtidig med at setninga blir ytra. I den andre setninga (som står i presens perfektum) skjer tilstanden av at Per si soving er over samtidig med at setninga blir ytra.

I språk som ikkje har futurum kan presens også markere framtid, som i setninga Eg kjem snart. I tillegg brukast presens (som umarkert trekk i kategorien tempus) også for utsegner utan referansepunkt (allmengyldige utsegner) som Elefanten er eit pattedyr, To pluss to er fire.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Faarlund, Jan-Terje, Svein Lie og Kjell-Ivar Vannebo 1997: Norsk referansegramamtikk.