Protevs
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Protevs som tenkt av Andrea Alciato på midten av 1500-talet.
Protevs (gresk Πρωτεύς) er ein tidleg havgud i gresk mytologi. Han kunne forutseia framtida.
Ifølgje Odysseen av Homer budde Protevs på Faros utanfor Egypt og vokta selane til Amfitrite. På heimvegen frå Troja tvingde Menelaos han til å fortelja om framtida, men Protevs prøvde lenge å unngå dette ved å ta ulike skikkelsar (løve, slange, vatn osb.). Dette har gjeve opphav til ord som «protevsaktig», engelsk protean, om noko som er vanskeleg å få tak på.
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Protevs»